Vi møtest på parkeringsplassen ved Fjell kyrkje kl.10.30., og kjører til Skogsøyna i Øygarden. Vi bør samle oss i så få bilar som råd, det er lite parkeringsplass der stien startar.
Vi følgjer ein merka sti mot sørvest, til Skogsøytuva, og her prøver vi å finne ein høveleg plass for ein lunsjpause. Her har vi utsikt mot storhavet mot vest og mot Kollsnes mot aust. Stien går i eit kupert kystterreng, men det er ikkje så mange høgdemeter, Skogsøytuva er berre 49 meter! Vi går same stien tilbake.
Hugs niste, og sko og klede som er tilpassa veret i slutten av november.
Turleiarar: Finn Villanger, Tormund Wågø
Nistepause ved Skogsøytuva Foto: Tormund Wågø