Tyssøyna

Fellestur

Dato
16. januar 2019 kl. 10:30 - 13:30
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer spesielt for
Voksne, Seniorer
Arrangører
Fjell Turlag Seniorgruppa, Bergen og Hordaland Turlag , Fjell Turlag
Turområde
Byfjellene i Bergen, Nordhordland (se kart)

Oppmøte: Nedre parkering Fjell kyrkje kl.10.30.

Vi tek turen til Tyssøyna som høyrer til Sund kommune. Her er Tyssøy friluftsområde med Smivågen. Friluftsområdet er eit stort og populært båtutfartsområde som no er landfast med tunnel til Bjorøyna og frå Bjorøyna er det bru til Tyssøyna.

Vi kjører til parkeringsplassen på Tyssøyna. Herifrå må vi gå litt på asfalt før vi går over på grusveg fram til Smivågen. Undervegs kan vi kanskje sjå både geiter og frittgåande ender.

Til Smivågen har vi gått fleire turar før, men denne gongen fortset vi vår rundtur på natursti heilt sør og vest på øya. Det er rundt Vestreneset forbi Skjervika og til Tyssøyvågen.  Under vegs passerer vi raud turpostkasse med bok å skrive navn i. Har du lasta ned DNT sin Sjekk UT app så kan du registrere deg her.

Dette vert ein enkel tur. Den er berekna å ta ca. 3 timar. Det er med kjøring til og frå og matpause.

Ta med mat og drikke, kle deg etter slik veret er denne dagen. Er det glatt/isete ta med broddar.

Velkommen på tur!

 

Det er gratis å gå med oss når anna ikkje er nevnt. Vil du bli medlem? Les meir her:

Bergen og Hordaland Turlag sine vilkår gjeld også for Fjell Turlag. Les om dei her:

Tyssøyna

Oppmøte: Nedre parkering Fjell kyrkje kl.10.30. Vi tek turen til Tyssøyna som høyrer til Sund kommune. Her er Tyssøy friluftsområde med Smivågen. Friluftsområdet er eit stort og populært båtutfartsområde som ...

Kontaktinformasjon:

  • Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
  • Tlf. 90730014

Turledere:

  • Egil Haaland
  • Anne-Liv Foldnes Bjørsvik