Lutatangen i Sund

Fellestur

Dato
15. mai kl. 10:30 - 14:30
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne, Seniorer
Arrangører
Fjell Turlag Seniorgruppa, Bergen og Hordaland Turlag , Fjell Turlag
Turområde
Nordhordland (se kart)
Dette arrangementet er over!

Oppmøte: Nedre parkering Fjell kyrkje kl. 10.30.

Frå Fjell kjører vi til Golta i eit mindre tal bilar. Turen vi skal gå reknast som enkel til middels krevjande tur. Lett kupert kystlandskap på natursti med tildels berg å gå på. Ved mykje nedbør også våte parti.

Fin tur ut med havet. Ta med mat og drikke. Kle deg etter slik veret er denne dagen. Om sola skin så kan det vera kald vind der ute. Har det vore mykje nedbør før turstart så hugs sko/søvlar som held vatn ute, og med gode sålar for glatte/sleipe berg.

Turtid med kjøring og matpause er rekna til omlag 4 timar.

Mellom Luten og Lutatangen er det raud kasse med bok å skrive i, og klippetang for klipp i Kystpass 2019. Her kan du også registrere deg i DNT SjekkUT app.

Velkommen på tur!

 

Generelle vilkår for Fjell Turlag er som for Bergen og Hordaland Turlag. Les her:

Lutatangen i Sund

Oppmøte: Nedre parkering Fjell kyrkje kl. 10.30. Frå Fjell kjører vi til Golta i eit mindre tal bilar. Turen vi skal gå reknast som enkel til middels krevjande tur. Lett ...

Kontaktinformasjon:

  • Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
  • Tlf. 90730014

Turledere:

  • Runa Schreuder Kjelstrup
  • Anne-Liv Foldnes Bjørsvik