Sommaravslutning, Kårtveitpollen

Fellestur

Dato
12. juni kl. 10:30 - 14:00
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer spesielt for
Voksne, Seniorer
Arrangører
Fjell Turlag Seniorgruppa, Bergen og Hordaland Turlag , Fjell Turlag
Turområde
Byfjellene i Bergen, Nordhordland (se kart)
Dette arrangementet er over!

Dette vert siste dag Seniorgruppa samlast før ferien.

Oppmøte: Nedre parkering Fjell kyrkje kl. 10.30.

Det er parkering ved Kårtveitpollen men det kan bli knapt med parkeringsplass om vi vert mange, og kanskje andre vil ein tur til dette fine friluftområdet denne dagen. Derfor er det greit om vi samlar oss i eit mindre antall bilar frå Fjell til Kårtveitpollen.

Frå parkeringa går vi ein tur til Havutsikten. Det er ein enkel/middels tur i flatt terreng med mykje berg. Har det regna i dagane forut vert det nokre våte parti inni mellom. Turtid 1,5 time t/r. Flott utsikt ute ved varden. Her kan du klippe i Kystpass 2019 og registrere deg i DNT SjekkUT appen.

Så går vi tilbake til Kårtveitpollen friluftsområde for matpause og meir sosialt samvær. Ta med mat og drikke. Vi skal ha bålpanna klar om du vil grille.

Er du ikkje heilt "god" for å gå tur denne dagen så kan du gjerne berre bli ved friluftsområdet til turgjengen kjem tilbake. Minst ein turleiar vil bli i området der heile tida for å passe på at bålpanna vert klar for dei som vil grille. 

Kle deg etter slik veret er denne dagen. Håpar sommaren viser seg frå si beste side. Men med skiftande ver slik det har vore i det siste så ta gjerne litt ekstra varme klede med å ha på ved matpausen. Då er vi i ro og kanskje vert det litt vind.

Er det nokon av turgåarane som likar å bake så er det ok å ta med litt godsaker. Vi samlar til felles kakebord. Heilt sikkert nokon som vil smake.

 

Velkommen!

 

Vilkår: Bergen og Hordaland Turlag sine vilkår gjeld også for Fjell Turlag. Les meir om dei her:

Sommaravslutning, Kårtveitpollen

Dette vert siste dag Seniorgruppa samlast før ferien. Oppmøte: Nedre parkering Fjell kyrkje kl. 10.30. Det er parkering ved Kårtveitpollen men det kan bli knapt med parkeringsplass om vi vert mange, og kanskje ...

Kontaktinformasjon:

  • Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
  • Tlf. 90730014