Dugnad med Dugnadsgruppa og Seniorgruppa

Dugnad

Dato
27. februar kl. 10:30
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer spesielt for
Voksne, Seniorer
Arrangører
Fjell Turlag Seniorgruppa, Bergen og Hordaland Turlag , Fjell Turlag , Fjell Turlag Dugnadsgruppa
Turområde
Nordhordland (se kart)
Dette arrangementet er over!

Seniorgruppa har ikkje tur 27. februar.

Denne dagen inviterer vi saman med Dugnadsgruppa alle som har anledning å vera med på dagtid, velkomne til dugnad.

Oppmøte: kl. 10.30 -Turlagshuset på Fjell. Parkering ved Gjerdet kulturminnegard.

Så tidleg på året kan vi ha vinterver. Vi tek sikte på at vi skal ha noko arbeid i Turlagshuset, men også ute i terrenget med å setje opp skilt og merkje turløype.

Det er alle vi turgåarane som har nytte av at turløypene er rydda og merka. Kanskje vi skal yte litt, og gjera det betre for oss sjølv og andre som vil gå tur i marka.

Kle og sko deg etter dagens ver. Ta med mat og drikke.

Kontaktpersonar for denne dugnaden er frå Dugnadsgruppa: Leif Havre tlf. 930 36 596 og Seniorgruppa: Håkon Fjell tlf.930 16 738

 

Generelle vilkår for Fjell Turlag er som for Bergen og Hordaland Turlag. Les her:

Dugnad med Dugnadsgruppa og Seniorgruppa

Seniorgruppa har ikkje tur 27. februar. Denne dagen inviterer vi saman med Dugnadsgruppa alle som har anledning å vera med på dagtid, velkomne til dugnad. Oppmøte: kl. 10.30 -Turlagshuset på Fjell. Parkering ved Gjerdet kulturminnegard. ...