Kvamskogen med lokalkjende

Fellestur

Dato
28. august kl. 09:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne, Seniorer
Arrangører
Fjell Turlag Seniorgruppa, Fjell Turlag
Turområde
Stølsheimen, Bergsdalen og Vossefjellene (se kart)
Dette arrangementet er over!

OPPMØTE: OBS! KL. 09.00  NEDRE PARKERING VED FJELL KYRKJE. Frå Fjell kan vi samle oss i eit mindre antall bilar.  

Dette vert ein dagstur. Kjøring til Tokagjel, Kvamskogen tek ca. 1,5 timar.

Vi kan velje mellom to turar i lengde denne dagen.

På Kvamskogen møter vi Kristin og Ole. Dei er lokalkjende og vil gå med oss først eit stykke i samla gruppe.

Kristin går med til Fagrefjell for dei som vil gå der. Det vert ein middels krevjande tur med turtid ca. 3 timar. Denne gruppa går roleg nedatt og kan slappe av på terassebesøk ved hytta deira. 

Om nokon vil gå ein lengre tur så vil Ole ta med seg dei som ønskjer det - vidare opp til Såta. Turtid på denne turen vert ca. 5 timar og vi kan vel kalle denne turen for krevjande. 

Ta med rikeleg mat og drikke for turen. Hugs dette vert ein dagstur. 

Kristin vil kjøpe inn litt kortreist mat som heimelaga flatbrød og spekemat som vi får smaka. Dette må vi betale for, så ta med kontantar. Kan også ordne det med Vipps eller kontonummer.

Likeeins kan det vere greit å betale sjåføren for drivstoff om vi set på med nokon. Det vert eit unntak for denne turen sidan det her vert lengre kjøring enn vanleg.

 

Takk til Kristin og Ole som vil ta i mot oss. Det skal bli kjekt å gå tur på Kvamskogen.

Då ønskjer vi oss fint turver, og velkommen på tur til dei som vil bli med!  

 

Generelle vilkår for Fjell Turlag er som for Bergen og Hordaland Turlag. Les her:

Kvamskogen med lokalkjende

OPPMØTE: OBS! KL. 09.00  NEDRE PARKERING VED FJELL KYRKJE. Frå Fjell kan vi samle oss i eit mindre antall bilar.   Dette vert ein dagstur. Kjøring til Tokagjel, Kvamskogen tek ...

Kontaktinformasjon:

  • Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
  • Tlf. 90730014