Frå Nese og Tveita rundtur i marka og innom hage på Åse.

Fellestur

Dato
4. september kl. 10:30
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer spesielt for
Voksne, Seniorer
Arrangører
Fjell Turlag Seniorgruppa, Bergen og Hordaland Turlag , Fjell Turlag
Turområde
Nordhordland (se kart)

Oppmøte nedre på parkeringsplass ved Fjell kyrkje kl. 10.30. 

Frå Fjell kjører vi i så få bilar som mogeleg for å parkere på Nese. Undervegs vert det litt organisering for å unngå å gå heile vegen attende på asfalt til Tveita sidan turen er tenkt å gå ut i marka frå Tveita der det er lite parkeringsplass. Denne stien her er bra, slett ikkje så våt. Frå Tveita kjem vi innom Skoge og vidare eit lite stykke på asfalt til Åse.

På Åse går vi så ned til ein fin "natur" hage mellom Åsavatnet og sjøen. Her har vi fått lov å koma inn i hagen denne dagen for å sjå oss om. Utruleg kva nokon kan få til å vekse i skrinn jord mellom berg og opp på haugar. 

Etter det går vi mot Nese. Når vi kjem litt høgare opp i terrenget kan vi snu oss og sjå både Åsavatnet og sjøen. Vidare ser vi bort til Storasundet og Syltøyna. Stien vidare er fin og lett å gå heilt til Nese og tilbake til bilane.

Vi har matpause, og finn ein egna plass til å raste på. Husk ta med mat og drikke. Kle deg etter slik veret er denne dagen. Bruk sko med god støtte og gode sålar. Vi går også på berg som kan vera sleipe i vått ver.

Velkommen på tur!

 

Generelle vilkår for Fjell Turlag er som for Bergen og Hordaland Turlag. Les her:

Frå Nese og Tveita rundtur i marka og innom hage på Åse.

Oppmøte nedre på parkeringsplass ved Fjell kyrkje kl. 10.30.  Frå Fjell kjører vi i så få bilar som mogeleg for å parkere på Nese. Undervegs vert det litt organisering for ...

Kontaktinformasjon:

  • Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
  • Tlf. 90730014

Turledere:

  • Egil Haaland
  • Anne-Liv Foldnes Bjørsvik