Kom Deg Ut-dagen ved Turboplassen

Bli med på Kom Deg Ut-Dagen ved Turboplassen. Turboplassen ligg ved kyrkjevegen mellom Foldnes og Hjelteryggen. Turlaget stiller med bålpanne og varme griller. Me deler ut deig til pinnebrød, men ta gjerne med eigen pinne. Ta på varme klede og sitteundelag.

Det vert TurTipp på ein avstikkar frå løypa rett før Turboplassen.

TurTipp må leverast inn innan kl. 14:00. Premieutdeling blir kl. 14:30.

Turbo, maskoten til turlaget, kjem også!

Medlem i Fjell Turlag:  Fjell Turlag er eit lokallag under Bergen og Hordaland Turlag. Bergen og Hordaland Turlag er ein medlemsorganisasjon i Den Norske Turistforening. Støtt vårt arbeid for friluftsaktiviteter gjennom medlemsskap. Eit medlemsskap i Barnas Turlag kostar berre kr. 130,- pr år. Kom deg ut - Meld deg Inn! 

Arrangementer er gratis og opent for alle. Vel møtt! 

Me takkar på førehand Rema 1000 Ågotnes og Kiwi Ågotnes for sposing.

Kom Deg Ut-dagen ved Turboplassen

Bli med på Kom Deg Ut-Dagen ved Turboplassen. Turboplassen ligg ved kyrkjevegen mellom Foldnes og Hjelteryggen. Turlaget stiller med bålpanne og varme griller. Me deler ut deig til pinnebrød, men ...