Seniorgruppa i Fjell Turlag til Golsfjell 11. - 16. august 2019

Fellestur

Fra dato
11. august kl. 16:00
Til dato
16. august kl. 12:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Seniorer
Arrangører
Fjell Turlag Seniorgruppa, Fjell Turlag

OBS! Her er no fullteikna. - Har venteliste.

Seniorgruppa i Fjell Turlag har plass 11.-16. august 2019 på Golsfjell Fjellstue som ligg på Golsfjellet. Vi, Seniorgruppa disponerer fjellstova aleine desse dagane, med dei fordelane det gjev oss av fleksibilitet og service.

Turterreng finn vi rett utanfor fjellstova med turar til Auenhaugen, Veslefjell, Storefjell, Nystølfjell og Skogshorn for å nevne nokon. Terrenget her er frå 900 - 1250 meter over havet. Fjellstova ligg på 965 meter over havet. Det er merka turstiar over heile området.

Topp 11 på Golsfjellet er eit vandreprogram for alle. Her er også eit anna spennande aktivitetstilbud; Stolpejakta. Tilsaman 50 stolpar er sette ut.

For dei som likar å sykle så er det eit utstrakt nett av gode grusvegar og stiar godt eigna for sykling. Ta med sykkel, eller du kan leige.

Fisking, du kan fiske i 18 vatn og elvar. Fiskekort får du kjøpt på overnattingstadar. Robåtar med motor, kanoar og pedalbåtar kan du leige. Kanskje freistar det med ein tur på Tisleifjorden? 

Øvst på tunet til fjellstova er det bygt eit eige dusj/badstuhus, utandørs boblebad, langbord og grillplass. Den vakre utsikta mot Tisleifjorden «får du på kjøpet».

Er dette noko som freistar?

På dagtid går vi tur, eller den aktiviteten du vil bli med på saman med andre. På kvelden etter middag møtes vi for sosialt samvær.

Dei har fleire opphaldsrom på fjellstova også festlokalet Fjøset der det kan vera musikk og dans etter ønskje.  Der er også bar med alle rettigheter. 

 

Prisar:

Heilpensjon (frokost, lunsjbuffe og 3 retters middag) kr. 1.245,- Prisen er pr. person pr. døgn. For fem døgn vert det då kr. 6.225,-

Halvpensjon (frokost, lunsjpakke og 3 retters middag) kr. 990,- Prisen er pr. person pr. døgn. For fem døgn vert det kr. 4.950,-

Enkeltrom tillegg er kr. 150,- pr. døgn. For fem døgn vert det kr. 750,-

For oss som er ute og går tur, eller andre aktivitetar på dagen så er det kanskje greit med halvpensjon. Då har vi lunsjpakke med på turen. Men dette bestemmer kvar og ein kva dei vil.

Ankomst søndag 11. august - til middag. (innsjekk i god tid før middag)

Avreise   fredag   16. august – etter frokost eller lunsjbuffet.

 

Det vert bindande påmelding. Det er viktig å ha reiseforsikring med avbestillingsforsikring om du må avbestille.

Alle reiser på eige ansvar.

Vi kjører til Golsfjellet i privatbilar. For nokon kan det vera bra med samkjøring, rett og slett samlast i eit mindre antall bilar.

Kjøring i tid f.eks. om du vel E 16 til Lærdal - Borlaug, så Rv. 52 - ca. 4,5 timar utan pause.

Du kan også ta toget til Gol. For transport vidare heilt fram til fjellstova så kan vi snakkast om det.  

PÅMELDING …………  startar frå 27.01.2019

Her må du opplyse kva type rom du/de vil ha, enkeltrom eller dobbeltrom, om matalergi, eller ønskje om rom utan trapper.

Er det noko du lurer på? Kontaktperson for spørsmål og påmelding: Anne-Liv. Send e-post til seniorgruppen@fjellturlag.no  (tlf. 907 30 014)

Velkommen til fine turar i fjellet!

Generelle vilkår som for Bergen og Hordaland Turlag her:

 

Du kan sjå fleire bilete og lese meir om Golsfjell Fjellstue på Facebook eller www.golsfjell.no 

Seniorgruppa i Fjell Turlag til Golsfjell 11. - 16. august 2019

OBS! Her er no fullteikna. - Har venteliste. Seniorgruppa i Fjell Turlag har plass 11.-16. august 2019 på Golsfjell Fjellstue som ligg på Golsfjellet. Vi, Seniorgruppa disponerer fjellstova aleine desse ...

Kontaktinformasjon: