Avlyst Overnattingstur til Breidablikk og Skrott med Friskusgruppa

Fellestur

Fra dato
7. september kl. 08:30
Til dato
8. september kl. 18:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne, Fjellsportinteresserte
Turtyper
Fellestur, Fottur, Breidablikk, Osturlag, Bergsdalenkvammafjella, Friskusgrupppa
Arrangør
Os Turlag
Dette arrangementet er over!
Avlyst: Denne aktiviteten er dessverre avlyst. For få påmeldte

Friskusgruppa arrangerer overnattingstur til nyrestaurerte Breidablikk i Kvammefjella. 

Turen går frå Fitjadalen i Øystese til Breidablikk, eit flott hytteanlegg med fantastisk plassering 1160 moh i Kvam herad. Hytta opna 30. juni etter å ha vore stengt eit år pga omfattande rehabilitering/nybygg. Vi legg også turen til Skrott som med sine 1320 moh er det høgte fjellet i området.

Søndag går returen til den fråflytta og veglause grenda Botnen og deretter med båt ut fjorden. Dersom været er bra kan retur via Kiellandsbu og ned til Botnen la seg gjennomføre. 

Turen går med privatbilar tur/retur Os - Øystese.

Oppmøte ved Os næringspark kl 0830 kor vi samlar oss i færrast mogleg bilar og køyrer deretter til Fitjadalen i Øystese, ca halvanna times køyring. 

Ta med brødmat til eige bruk. Det vert felles middag på Breidablikk lørdag ettermiddag/kveld. 

Pris dekker biltransport, overnatting, middag og båtransport. 

Friskusgruppeturane er gjerne meir krevjande enn andre turtilbod i Os turlag og denne turen krev normal til god form og ein kropp som tålar mange høgdemeter både opp og ned. 

 

 

 

 

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Ragnhild Haugse
  • Helge Berge