Kom Deg Ut-dagen på Kårtveitpollen

Bli med på Fjell Turlag sin Kom Deg Ut-dag! Vær OBS på at den vert arrangert helga før den nasjonale Kom Deg Ut-dagen. Turlaget stiller med grill og bålpanne. Baker Brun sponsar oss med skillingsbollar og turlaget stiller med grillpølser frå Gilde. Ta med eige grillspyd!

Det vert TurTipp, teiknebord og leik i fjøra. Ta gjerne med eigen hov, bøtte og evt krabbesnøre. Ta med badedrakt også om du er ein tøffing som likar å bade. Alle barn må ha på redningsvest i fjøra. Me gjer merksam på at foreldre har ansvar for eigne born.

Turbo kjem også!

TurTipp må leverast inn seinast kl. 14:30.

Premieutdelinga er kl. 14:45 og ein må være til stades for å få tildelt premien.

Parkering: det er mogleg å parkere ved Kårtveitpollen,  men dersom det vert fullt der er det også mogleg å parkere ved Ågotnes Barneskule. Det tek 5-10 minutt å gå til Kårtveitpollen derifrå.

Arrangementet er gratis og opent for alle!

Kom Deg Ut-dagen på Kårtveitpollen

Bli med på Fjell Turlag sin Kom Deg Ut-dag! Vær OBS på at den vert arrangert helga før den nasjonale Kom Deg Ut-dagen. Turlaget stiller med grill og bålpanne. Baker ...

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Heidi Reisegg Endal