Anekletten på Toftøyna

Fellestur

Dato
25. mars 2020 kl. 10:30
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer spesielt for
Voksne, Seniorer
Arrangører
Fjell Turlag Seniorgruppa, Bergen og Hordaland Turlag , Fjell Turlag
Turområde
Nordhordland (se kart)

Oppmøte: Nedre parkering ved Fjell kyrkje kl. 10.30.

På Fjell samlar vi oss i eit mindre tal bilar for kjøring til Torsteinsvik.

På austsida av bilvegen går vi ut i terrenget. Her er informasjonstavle om turen. Denne turen er ein del av Nordsjøløypa. Vi set kursen mot aust og så mot sør. Her kan vera vått i løypa, men flittige folk har lagt ut klopper/bruer på dei våtaste plassane. Etter ei stund går vi oppom  Anekletten. Det er eit fint og ope utsiktspunkt, ca. 60 meter over havet. Vidare sørover passerer vi torvmyrer og to restaurerte torvhus. Kanskje vi kan ta matpause ved eit av desse torvhusa.

Etter ei tids gange kjem vi til Breivika hyttefelt, der går vi over på grusveg og vidare tilbake til utgangspunktet og bilane på asfalt.

Hugs ta med mat og drikke.

Kystpasstur i 2019 og DNTsjekkUT registrering.

Velkommen på tur!

 

Generelle reglar som for Bergen og Hordaland Turlag. Les her:

Anekletten på Toftøyna

Oppmøte: Nedre parkering ved Fjell kyrkje kl. 10.30. På Fjell samlar vi oss i eit mindre tal bilar for kjøring til Torsteinsvik. På austsida av bilvegen går vi ut i ...

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
  • Ove Foldnes