Høybøen, Vindenes

Fellestur

Dato
29. april 2020 kl. 10:30 - 13:30
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer spesielt for
Voksne, Seniorer
Arrangører
Fjell Turlag Seniorgruppa, Bergen og Hordaland Turlag , Fjell Turlag
Turområde
Nordhordland (se kart)

Oppmøte: nedre parkering ved Fjell kyrkje kl. 10.30.  

På Fjell samlar vi oss i eit mindre tal bilar for på Vindenes er det lite parkeringsplass.

Høybøen byr på gravrøyser og restar etter ein middelaldergård. I dette området har det vore folk frå eldre steinalder til mellomalderen.

På Vindenes ved bedehuset ser vi skilt for Nordsjøløypa. Om vi går etter det skiltet er vi på rett veg. Det vert fyrst å gå på asfalt før vi går over på skogsveg og natursti. Noko av dette er i furuskog.

Ved Kåsa tek vi til venstre og går ned til sjøen, vidare opp til tuftene etter to hus. Mellom hustuftene skal det gå ein hellelagd gangveg til ei oppkomme. Årsaka til at folk busette seg her, kan vera at området ligg i ly for fjellveggen bak. 

Turen ligg som ein "filmsnutt" på nettet, om du trykkjer her:  så ser du filmen og litt korleis terrenget er til Høybøen. Dessverre er det ikkje noko på filmen som viser hustuftene, men der vi står heilt til slutt i filmen er ved ei av gravrøysene.

Hugs mat og drikke. Her er ofte vått i terrenget. Sko med gode sålar og som tåler vatn er ein fordel. 

Turtid vert ca. 3 timar med kjøring tur/retur og matpause.

Dette er eit turmål som var med i Kystpass 2019 og registrering i DNTSjekkUT.

Velkommen på tur!

 

Vi er eit lokallag under Bergen og Hordaland Turlag/Den Norske Turistforening. Vårt mål er å få flest mulig folk ut på tur.

Du kan bli medlem her:

Generelle vilkår er som for Bergen og Hordaland Turlag. Les her:

Høybøen, Vindenes

Oppmøte: nedre parkering ved Fjell kyrkje kl. 10.30.   På Fjell samlar vi oss i eit mindre tal bilar for på Vindenes er det lite parkeringsplass. Høybøen byr på gravrøyser ...

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Terje Audun Salmo
  • Anne-Liv Foldnes Bjørsvik