Golsfjellet med Onsdagsgruppa

Fellestur

Fra dato
16. august kl. 15:00
Til dato
21. august
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer spesielt for
Voksne, Seniorer
Arrangører
Sotra Øygarden Turlag, Fjell Turlag , Fjell Turlag Seniorgruppa
Dette arrangementet er over!

Obs! På grunn av Covid-19 og smittevernreglar med mellom anna 1 m avsatand til ei kvar tid og antall deltakarar på tur kan vi no ikkje ta imot fleire påmeldingar.

 

 Opphald på Golsfjell Fjellstue 16.-21. august 2020.

Seniorgruppa i Fjell Turlag, - frå februar 2020 heiter gruppa Onsdagsgruppa og turlaget Sotra Øygarden Turlag - har plass 16.-21. august 2020 på Golsfjell Fjellstue som ligg på Golsfjellet. Vi, Seniorgruppa/Onsdagsgruppa disponerer fjellstova aleine desse dagane ved minimum 30 personar, med dei fordelane det gjev oss av fleksibilitet og service. Om vi vert mange må kanskje nokon bu i hytte. Hyttene er fin å bu i som dobbeltrom. (Det var ingen klage frå turgåarar i Seniorgruppa som budde i hytter i 2019, tvert om.) Mat vert å få for alle i spisesalen i fjellstova.

Turterreng finn vi rett utanfor fjellstova med turar til Auenhaugen, Veslefjell, Storefjell, Nystølfjell og Skogshorn for å nevne nokon. Terrenget her er frå 900 - 1250 meter over havet. Fjellstova ligg på 965 meter over havet. Det er merka turstiar over heile området.

Topp 11 på Golsfjellet er eit vandreprogram for alle. Her er også eit anna spennande aktivitetstilbud; Stolpejakta. Tilsaman 50 stolpar er sette ut.

For dei som likar å sykle så er det eit utstrakt nett av gode grusvegar og stiar godt eigna for sykling. Ta med sykkel, eller du kan leige på eit av dei større hotella.

Fisking, du kan fiske i 18 vatn og elvar. Fiskekort får du kjøpt på overnattingstadar. Robåtar med motor, kanoar og pedalbåtar kan du leige. Kanskje freistar det med ein tur på Tisleifjorden? Vil du låne fjellstova sin robåt, hugs ta med vest som flyteutstyr.

Øvst på tunet til fjellstova er det bygt eit eige dusj/badstuhus.

På dagtid går vi tur, eller den aktiviteten du vil bli med på saman med andre. På kvelden etter middag møtes vi for sosialt samvær.

Dei har fleire opphaldsrom på fjellstova også festlokalet Fjøset der det kan vera musikk og dans etter ønskje.  Der er også bar med alle rettigheter.

Frå fjellstova er det fin utsikta mot Tisleifjorden.

Prisar:

Heilpensjon (frokost, lunsjbuffe og 3 retters middag) kr. 1.295,- Prisen er pr. person pr. døgn. For fem døgn vert det då kr. 6.475,-

Halvpensjon (frokost, lunsjpakke og 3 retters middag) kr. 1.045,- Prisen er pr. person pr. døgn. For fem døgn vert det kr. 5.225,-

Enkeltrom tillegg er kr. 165,- pr. døgn. For fem døgn vert det kr. 825,-

 

For oss som er ute og går tur, eller andre aktivitetar på dagen så er det kanskje greit med halvpensjon. Då har vi lunsjpakke med på turen.

Om fjellstova skal lage til lunsjbuffe så krevst det til minimum 15 personar. Du må gi beskjed ved påmelding kva du ønskjer.

 

Ankomst søndag 16. august. (første måltid er middag på kvelden.)

Avreise   fredag   21. august. (etter frokost.)

 

Det vert bindande påmelding. Det er viktig å ha reiseforsikring med avbestillingsforsikring om du må avbestille.

Alle reiser på eige ansvar.

Vi kjører til Golsfjellet i privatbilar. For nokon kan det vera bra med samkjøring, rett og slett samlast i eit mindre antall bilar.

Kjøring i tid f.eks. om du vel E 16 til Lærdal - Borlaug, så Rv. 52 - Mørkedalen (Hemsedal) og vidare Lykkjavegen, Øvre Hemsedalsvegen og Auenhauglivegen til Golsfjell Fjellstove då vert det omlag 4,5 timar utan pause.

Hardangervidda er også fin å køyre. Til Gol - så Rv. 52 til Robru, ta til høgre, deretter til venstre v/alle skilta og vidare til Golsfjell Fjellstue.

Du kan også ta toget til Gol. For transport vidare heilt fram til fjellstova så kan vi snakkast om det. 

PÅMELDING:

Er det noko du lurer på? Kontaktperson for spørsmål og påmelding er Anne-Liv Foldnes Bjørsvik.

Send e-post til: a-foldne@online.no (tlf. 907 30 014)

Ved påmelding må du opplyse kva type rom du/de vil ha, enkeltrom eller dobbeltrom.                        

Rom utan trapper. Matpakke eller lunsjbuffe. Matalergi.

Velkommen til fine turar i fjellet!

Du kan sjå fleire bilete og lese meir om Golsfjell Fjellstue på facebook eller www.golsfjellet.no

Golsfjellet med Onsdagsgruppa

Obs! På grunn av Covid-19 og smittevernreglar med mellom anna 1 m avsatand til ei kvar tid og antall deltakarar på tur kan vi no ikkje ta imot fleire påmeldingar.    Opphald på ...

Kontaktinformasjon: