Seniortur - Isberg, Tyssedal

Fellestur

Dato
2. juni 2021 kl. 09:00 - 16:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Seniorer
Arrangører
Seniorgruppa i Kvinnherad, Bergen og Hordaland Turlag , Kvinnherad Turlag
Turområde
Folgefonna, Hardangervidda (se kart)


Dersom det i 2021 vert vidareføring av smittevernreglar pga korona, vil vi leggja ut info om dette seinare.

Ved frammøte i Rosendal samordnar vi transporten vidare til Sørfjorden.

Denne onsdagen legg seniorane i turlaget ruta til grannekommunen Ullensvang, nærare bestemt til fjellgarden Isberg, rundt 500 meter over havet, ei knapp mil frå Odda utover austsida av Sørfjorden. Vi stoggar bilane i Stana, like nord for Tyssedal, og legg i veg oppover stien til den veglause garden dryge 400 meter lenger oppe i fjellsida.

Isberg har nok kome noko i skuggen av Kjeåsen i Eidfjord som kjend "hyllegard" i Hardanger, kanskje fordi så mykje er skrive om folket på Kjeåsen, og fordi Kjeås-stien er så dramatisk.
Men til dei to bruka på Isberg kjem ein framleis berre til fots. Denne garden, med sine to bruk, stølar og store utmarksområde har ei dramatisk og spennande historie, også fordi ein av dei siste skarprettarane (bødlane) i Noreg vaks opp på det eine bruket. Han utførte si siste halshogging i 1864, 69 år gamal. Framleis kan ein sjå det enkle huset som ein meiner han vaks opp i.
På 1800-talet budde også Per Bulko, opprinneleg vossing, og ein av dei mest kjende felespelarane i Hardanger, på det andre bruket.

Turen opp tek om lag to timar og er stykkevis noko bratt, helst i starten.
Viss alt klaffar, møter vi den noverande eigaren av "Bulko-bruket" og får høyra om hendingar og liv på garden i fortid og notid. 

VEL MØTT, turen er open for alle, her er det ingen som spør om alder... 😊

  • Frammøte:    Parkeringsplassen ovanfor kaien i Rosendal kl. 09:00
  • Turkarakter:  BLÅ / RAUD - Middels tur, men noko krevjande pga bratte parti
  • Turavgift:       Ingen, men deltakarane må sjølve syta for transporten
  • Turleiarar:     Hermund Fenne og Kåre Eik
  • Vandringa:
    • 3 - 4 km
    • Høgdeskilnad: 430 meter
    • 4 timar t/r

 

Seniortur - Isberg, Tyssedal

Dersom det i 2021 vert vidareføring av smittevernreglar pga korona, vil vi leggja ut info om dette seinare. Ved frammøte i Rosendal samordnar vi transporten vidare til Sørfjorden. Denne onsdagen legg ...

Kontaktinformasjon:

  • Hermund Fenne
  • Tlf. 917 03 488

Turledere:

  • Hermund Fenne
  • Kåre Eik