Avlyst Avslutning av turåret 2020 med Onsdagsgruppa. Tur til Havutsikten frå Kårtveitpollen

Fellestur

Dato
2. desember kl. 10:30 - 14:30
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer spesielt for
Voksne, Seniorer
Arrangører
Sotra Øygarden Turlag, Bergen og Hordaland Turlag , Fjell Turlag , Fjell Turlag Seniorgruppa
Turområde
Nordhordland (se kart)
Avlyst: Denne aktiviteten er dessverre avlyst.

På grunn av Covid-19 må vi som ansvarleg arrangør ha påmelding med navn og kontaktinformasjon i forkant for all aktivitet/turar. Navneopprop ved oppmøte. Hugs 1 m avstand, personleg antibac og eventuelt munnbind.

Denne dagen tek vi nissehue på, litt gøy kan vi vel ha det! 

Avslutning av turåret 2020 vert ikkje i år eit sosialt samvær innandørs som tidlegare år. Vi har vurdert dette med smitterisiko og vel heller å gå ein tur om de vert opna opp att for det i desember. All aktivitet i november er avlyst pga smittevernhensyn. 

Litt meir sosialt enn ein vanleg tur vil vi prøve å få til ved slutten av turen. Vi går då til Bergen og Omland Friluftsråd sitt område ved Polleidet, Kårtveitpollen. Runa fyrer opp i "peisen" mens vi går tur, og der ved "peisen" tenkte vi å servere varm gløgg, men covid-19 sprer seg og derfor er det kanskje likegreit at kvar turgåar tek med seg varm drikke, gløgg eller det du likar best. Kanskje anna lett servering. Vi får sjå korleis smittesituasjonen vert. 

Ta med godt humør så vert det sikkert ei bra markering av "avslutning av turåret 2020". 

Møt på nedre parkering ved Fjell kyrkje kl. 10.30.

Frå Fjell kjører vi til parkeringsplassen ved Kårtveitpollen friluftsområde. Der er det vanlegvis bra med parkeringsplass. Men vert det mange som møter på Fjell prøver vi å fylle opp med turgåarar i eit mindre tal bilar, hugs avstand også i bil, eller bruk munnbind. 

Stien vi skal gå startar på berget ved parkeringsplassen. Vidare går vi på ein del berg, men der er også våte parti innimellom. Etter ei stund ser vi ein varde der ute ved Havutsikten. Toppen der ute er 42 m.o.h. Litt lenger vest, nedfor varden er det minst ei jettegryte. Denne gang må vi finne den om veret tillet det. Vi må også finne oss ein fin lun plass, gjerne med utsikt over sjøen mens vi har matpause.

Ved normal gangtid brukar ein 1,5 time frå parkeringsplassen til varden og tilbake. Vi får i tillegg kjøring, matpause og lengre tur p.g.a. gå til jettegryta, og litt sosialt ved slutten av turen. 

Totalt kan det då bli omlag 4 timar før vi er tilbake til Fjell, men tenkjer at veret er med og avgjer både kor lang turen vert, og kor lenge vi kan halda på ute.

Hugs mat og drikke. Kle og sko deg etter slik veret er denne dagen. Er det isete, glatt ta med broddar.

Havutsikten er med i Kystpass 2020. Ta med Kystpasset om du vil klippe i det. Eller du kan bruke DNT SjekkUT appen.

Velkommen på tur!

Vi du støtta Sotra Øygarden Turlag med medlemskap? Vi er eit lokallag under Bergen og Hordaland Turlag. Som medlem får du fordelar, og du hjelper oss å halda aktivitetane i gang. Les om medlemskap og meld deg inn her:                  

Generelle vilkår som for Bergen og Hordaland Turlag:

Avslutning av turåret 2020 med Onsdagsgruppa. Tur til Havutsikten frå Kårtveitpollen

På grunn av Covid-19 må vi som ansvarleg arrangør ha påmelding med navn og kontaktinformasjon i forkant for all aktivitet/turar. Navneopprop ved oppmøte. Hugs 1 m avstand, personleg antibac og eventuelt munnbind. Denne dagen ...

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Sigrid Steffensen
  • Anne-Liv Foldnes Bjørsvik