Seniortur til Sandeie på Algrøyna med Tirsdagsgruppa

Fellestur

Dato
3. november kl. 10:30 - 15:30
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne, Seniorer
Arrangører
Sotra Øygarden Turlag, Bergen og Hordaland Turlag , Sotra Øygarden
Turområde
Nordhordland (se kart)
Dette arrangementet er over!

På grunn av Covid-19 må vi som ansvarleg arrangør ha påmelding med navn og kontaktinformasjon i forkant for kvar tur. Det vert navneopprop ved oppmøte. Hugs 1 m avstand, personleg antibac og eventuelt munnbind.

Oppmøte: Hald stadion kl . 10.30.

Vi kjører til Algrøyna. Her skal vi gå i kystkulturlandskap til ytst i havgapet. Det er litt spesielt å koma ut til Sandeie. Store steinar, berg og vik med skjelstrand.

I stien utover er det bruer og klopper over dei våtaste partia mot Idlefjellet, eller Hillefjellet som det står på kartet. Vi skal ikkje opp på Idlefjellet men vi går rett ved.

Frå Idlefjellet er det noko kupert terreng til Sandeie. Det kan vera vått på stien så bruk godt fottøy. Det kan og blese friskt der ute ved havet, så det er viktig å kle seg etter veret.

Mellom Idlefjellet og Sandeie - ved Ånesvika - nede til venstre på veg utover er eit turmål i Kystpass 2020. Eit turmål både for å gå, og å padle til. Ta med Kystpass 2020 så kanskje legg vi turen nedom der.

Normal gangtid til Sandeie er omlag 4 timar t/r. Med kjøring og matpause i tillegg må vi rekne minst 5 timar.

Velkommen på tur! Hugs mat og drikke.

Her kan du sjå film frå tur til Sandeie. Sandeie var ein av Kystpassturane i 2019:

 

1. turleiar Halvard Asbjørn Vorland.

2. turleiar Rita Sivertsen

 

Vi du bli medlem i Sotra Øygarden Turlag som er eit lokallag under Bergen og Hordaland Turlag? Her kan du lese meir om medlemskap, og melde deg inn:

Generelle vilkår som for Bergen og Hordaland Turlag:

Seniortur til Sandeie på Algrøyna med Tirsdagsgruppa

På grunn av Covid-19 må vi som ansvarleg arrangør ha påmelding med navn og kontaktinformasjon i forkant for kvar tur. Det vert navneopprop ved oppmøte. Hugs 1 m avstand, personleg antibac og eventuelt munnbind. ...

Kontaktinformasjon:

  • Halvard Asbjørn Vorland
  • Tlf. 40855947

Turledere:

  • Rita Sivertsen
  • Halvard Asbjørn Vorland