Til Gløvrebu og gjennom Gløvro om du vil

Fellestur

Dato
29. januar 2020 kl. 10:30 - 14:00
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer spesielt for
Voksne, Seniorer
Arrangører
Fjell Turlag Seniorgruppa, Bergen og Hordaland Turlag , Fjell Turlag
Turområde
Nordhordland (se kart)

Oppmøte nedre parkering Fjell kyrkje kl. 10.30

Dette er ein tur nord i Øygarden kommune. Enkel tur på natursti og berg. Vi går frå gravplassen nord for Hjelme kyrkje, ved Fylkesveg 5278. 

Stien går vestover, innom eit skogsområde. Vi går forbi eit vegvisartroll som viser veg til Trollstien. Etter ei stund kjem vi til eit stidele. Vi tar stien med "utsikt". Det er lengst ute på berga. Så etter å ha gått ei tid på berga kjem vi inn att på stien vi forlot til fordel for utsiktsstien, og vi går vidare til Gløvrebu. Her ved Gløvrebu som er ein fin rasteplass med utsikt over sjøen, tar vi matpause.

Det neste er Gløvro. Der går vi gjennom ein trang passasje i fjellet.

Herfra har vi fleire moglegheiter å koma tilbake til der vi starta fra. Vi kan gå på sti merka Bakken. Det vert då ein kort rundtur i terrenget. Eller vi går lenger sørover til Sæle. Det vert også ein rundtur, litt lenger og med noko asfalt.  Vi går tilbake til parkeringsplassen på stien merka Bakken. 

Husk ta med mat og drikke. Kle deg etter korleis veret er denne dagen.

Turtid vert ca. 3 - 3,5 timar. Derav går vi i terrenget ca.1,5 timar, og ein matpause. Kjøring frå Fjell reknar vi vil ta 50 min., likeeins retur 50 min..

 

Velkommen på tur!

 

Pris: Det er gratis å gå med oss for både medlemmar og ikkje-medlemmar. Men vil du støtte våre aktivitetar med medlemskap så les meir her 

Vilkår: Bergen og Hordaland sine vilkår gjeld også for Fjell Turlag, les meir her

Til Gløvrebu og gjennom Gløvro om du vil

Oppmøte nedre parkering Fjell kyrkje kl. 10.30 Dette er ein tur nord i Øygarden kommune. Enkel tur på natursti og berg. Vi går frå gravplassen nord for Hjelme kyrkje, ved Fylkesveg ...

Kontaktinformasjon:

  • Sigrid Steffensen
  • Tlf. 92465402

Turledere:

  • Sigrid Steffensen
  • Runa Schreuder Kjelstrup