Tyssøyna

Fellestur

Dato
3. januar 2018 kl. 10:30 - 13:30
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer spesielt for
Voksne, Seniorer
Arrangører
Fjell Turlag Seniorgruppa, Bergen og Hordaland Turlag , Fjell Turlag
Turområde
Byfjellene i Bergen, Nordhordland (se kart)

Oppmøte: Nedre parkering Fjell kyrkje kl.10.30.

Vi tek turen til Tyssøyna som høyrer til Sund kommune. Her er Tyssøy friluftsområde med Smivågen. Friluftsområdet er eit stort og populært båtutfartsområde som no er landfast med tunnel til Bjorøyna og frå Bjorøyna er det bru til Tyssøyna.

Vi kjører til parkeringsplassen på Tyssøyna. Herifrå må vi gå litt på asfalt før vi går over på grusveg fram til Smivågen. Undervegs kan vi kanskje sjå både geiter og frittgåande ender.

For dei som les lokalavisa vår Vestnytt så har de kanskje sett at der er ei kunstutstilling på øyna.

Utstillinga er annonsert slik: "SPOR I FJORD" - TYSSØYVÅGEN. "Spor i landskap 6" - Paris, Tyssøy. Utstillingen blir stående så lenge vær og vind vil. Arr.: Bjorøy og Tyssøy kulturlag"

Vi kan også ta ein tur nedom Tyssøyvågen. Det seies at kunsten er best å sjå frå båt ute på sjøen. Det er fordi det er dekorerte naust. Vi skal halda oss på land, og dessverre er ein del av kunsten allereie merka av ver og vind.

Dette vert ein enkel tur. Den er berekna å ta ca. 2,5 - 3 timar. Det er med kjøring til og frå.

Ta med mat og drikke, kle deg etter slik veret er denne dagen. Er det glatt/isete ta med broddar.

 

Velkommen på tur!

 

Det er gratis å gå med oss når anna ikkje er nevnt. Vil du bli medlem? Les meir her:

Bergen og Hordaland Turlag sine vilkår gjeld også for Fjell Turlag. Les om dei her:

Tyssøyna

Oppmøte: Nedre parkering Fjell kyrkje kl.10.30. Vi tek turen til Tyssøyna som høyrer til Sund kommune. Her er Tyssøy friluftsområde med Smivågen. Friluftsområdet er eit stort og populært båtutfartsområde som ...

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
  • Sigrid Steffensen