Fjæreidevatnet rundt

Fellestur

Dato
10. januar 2018 kl. 10:30 - 14:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Voksne, Seniorer
Arrangører
Fjell Turlag Seniorgruppa, Bergen og Hordaland Turlag , Fjell Turlag
Turområde
Nordhordland (se kart)

Vi møtest på nedre parkeringsplass ved Fjell kyrkje kl 10.30, samlar oss i eit høveleg tal bilar og kjører til parkeringsplassen ved enden av vegen til Fjæreide.

Turen startar med to-tre hundre meter på veg, så fortset vi på tursti langs vestsida av Fjæreidevatnet. I sørenden av vatnet finn vi ein rasteplass, her kan det vere naturleg å ta nistepausen. Turen held fram opp på høgdedraga aust for vatnet, her er det litt fleire høgdemeter, men stien fører oss tilbake til parkeringsplassen. 

Vi reknar med at turtida, inkludert nistepause og kjøring, er ca. 3,5 timar.

Tidleg i januar kan det vere mange slags ver og føre, pass på at du har fottøy og klede som er tilpassa forholda. Hugs niste og varm drikke.

Fjæreidevatnet rundt

Vi møtest på nedre parkeringsplass ved Fjell kyrkje kl 10.30, samlar oss i eit høveleg tal bilar og kjører til parkeringsplassen ved enden av vegen til Fjæreide. Turen startar med ...

Kontaktinformasjon:

  • Tormund Wågø
  • Tlf. 95461175