Vikåsen i Øygarden

Fellestur

Dato
31. oktober kl. 10:30 - 14:30
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne, Seniorer
Arrangører
Fjell Turlag Seniorgruppa, Bergen og Hordaland Turlag , Fjell Turlag
Turområde
Nordhordland (se kart)
Dette arrangementet er over!

Oppmøte: Nedre parkering Fjell kyrkje kl. 10.30

Herfra kan vi fordele oss i mindre antall bilar. Vi kjører rv. 561 til Vik i Øygarden, Kjør til høgre ved skilt til Toftøy Næringspark, ned til Stegevika. 

Vi startar med å gå eit lite stykke på asfalt før vi kryssar bilvegen for å gå ut i marka på vestsida.  På natursti skal vi passere restaurerte skjeneflorar. Vi er innom Pardalsmyra som er eit fint område tilrettelagt for barn.

Høge punkt på turen vert Jurefethaugen  (Jurefethauen) 49,1 m.o.h. eller Vikåsen 56 m.o.h. På begge desse toppane er det fin utsikt.

Turen vår vert ein rundtur. Om vi vil kan vi ta ein avstikkar, fram og tilbaketur, fra vår rundtur til det øydelagde bøljekraftverket som var bygd på 80-talet. Då går vi langs Kjylaren (Kyllaren), som brukte å vera ein god makrellvåg. Turen vert då 2 km lenger og sjølvsagt brukar vi meir tid.

Terrenget og stien vi går er litt opp- og nedover bakkar. Kanskje våte parti ved mykje nedbør. Er det isete, frost i bakken kan det vera greit å ha broddar med. Vi har matpause. Kle og sko deg etter veret denne dagen.

Velkommen på tur!

 

Vikåsen i Øygarden

Oppmøte: Nedre parkering Fjell kyrkje kl. 10.30 Herfra kan vi fordele oss i mindre antall bilar. Vi kjører rv. 561 til Vik i Øygarden, Kjør til høgre ved skilt til ...

Kontaktinformasjon:

  • Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
  • Tlf. 90730014

Turledere:

  • Egil Haaland
  • Anne-Liv Foldnes Bjørsvik