Seniorgruppa med årets siste samling i 2017.

Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik

Fjell Turlag kan i år feire 5 år sidan oppstart i mai 2012.  Seniorgruppa kan også feire at dei starta sine første turar for 5 år sidan. 

Denne gruppa går tur om onsdagane. Men i dag var det siste samling for i år, sosialt samvær for 50 personar.

Berit Viten, ei av våre første turleiarane fortalde om dei første turane. Det vart vist bilete frå desse turane. Likeeins viste vi bileta frå alle turane i 2017 både lokale turar og turen i Rondane.

Kjekt å sjå at det kjem nye turgåarar til i gruppa og at nokre av dei også ville vera med oss i dag.

Maten var god og varm betasuppe, kaffi og kaker. Litt underholdning med opplesing var med. Som vanleg var det utloddning der alle fekk gevinst.

Berit Viten, Arne Kaalaas og Gunnar Angeltveit var dei tre første turleiarane frå 2012. Dei vart heidra med blomar. Fantastisk at nokon ville vera med å starta noko så positivt.

Frank Cleveland og Vigdis Fjeldstad Karlsen er to turleiarar som no ville slutte som turleiar. Dei fekk blomar m.m. Vi takkar for innsatsen, for alle fine turar de har vore turleiar for.

Det var påmelding til ny tur til Rondane 12.-17. august 2018.  Mange påmeldingar. Ikkje tvil om at det vert tur til Rondane i 2018 også.

Fjell Turlag Seniorgruppa takkar Bjorøy og Tyssøy Velforening for at vi fekk lov å halda til i Grendahuset på Bjorøyna. Her har vi fått vore ved fleire juleavslutningar. Eit lokale som har passa oss veldig godt. Mange takk!

Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
Desse to koste seg med sine gevinstar, nye solbriller.
Desse to koste seg med sine gevinstar, nye solbriller. Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
Takk til dei 3 første turleiarane; Gunnar, Berit og Arne.
Takk til dei 3 første turleiarane; Gunnar, Berit og Arne. Foto: Vigdis Fjeldstad Karlsen
Vigdis Fjeldstad Karlsen og Frank Cleveland.
Vigdis Fjeldstad Karlsen og Frank Cleveland. Foto: Gunnar Angeltveit

Takk til alle som har godt tur med oss i år!

Ønskjer alle ei god jul! Eit godt nytt år og velkomne til nye turar i 2018.

Skrevet av Anne-Liv Foldnes Bjørsvik 6. desember 2017