Seniorgruppa starta 2018 med ein enkel tur på Tyssøyna.

Ved Tyssøyvågen
Ved Tyssøyvågen Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik

Turen var lett å gå men noko kultur vart også formidla. 

Vi parkerte på parkeringsplassen rett etter brua på Tyssøy. Først vart det litt informasjon. Stadnavnet Tyssøy kan koma frå den norrøne guden Tyr. Det kan hende det var denne guden som vart dyrka ved offersteinen like nord for Var`n, det høgste punktet på øya. På Tyssøy har det vore mennesker og busetnad i fleire tusen år.

Herifrå parkeringsplassen  var vi 39 turgåarar som tok beina fatt. Veldig bra at det no er komen opp skilt der ein kan lesa om ramsløk som veks på øya og busetnad i førhistorisk tid. Kvar ein kan finna to gravhaugar, og at det er funne fleire økser frå 3300-2900 og 2 300 år før Kristus her på Tyssøy.

Ved Kyrkjesteinane frå det kongelige kapellet på Tyssøy frå 1300 -tallet hadde vi eit stopp. Det var Kong Håkon den femte som oppretta dette kapellet, også ved det tidlegare skulehuset frå 1918 (no i privat eige) hadde vi ein liten stopp. Her gjekk det fine frittåande ender i hagen. Geitene hadde vi helst på tidlagare.

I Smivågen stod det skilt om Tyssøykruno. Ein figur rissa inn i klebersteinfjellet ved innløpet til Tyssøyvågen.

Vel, det vart litt høgtlesing frå turleiar. Håpar det var greit å ta med litt kultur.

I Tyssøyvågen såg vi på det som var att av utstillinga med dekorerte naust. Her hadde vi matpause. 

Vi ønskjer velkomne på tur med oss til nye turgåarar som var med oss i dag.



Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
Matpause ved Tyssøyvågen.
Matpause ved Tyssøyvågen. Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik