Seniortur på glatt underlag

Vinterlig stemning på turen
Vinterlig stemning på turen

Alle kom heilskinna heim etter fin tur på glattisen.

På tross av været, møtte 23 spreke seniorer opp til dagens tur. Etter oppmøte på vanlig stad, forflytta vi oss til Gjerde der sjølve turen starta.

Frå Gjerde gjekk vi opp Russarstegen til Kanontårnet på Fjell festning. Etter ein liten stopp, med litt info om kanona som sto der, gjekk turen vidare mot Vardafjellet. Vi var framme på Vardafjellet kl 12.00 og tok matpausen der. Samtidig kom det snøvær som fulgte oss på turen vidare sørover mot Gyravatnet. Turen gjekk så tilbake til- og over Fjell festning. Då vi var usikre om kor glatt snøværet hadde gjort Russarstegen, blei vi enige om å ta ein alternativ veg ned til Gjerde. Derfor blei turen, etter unisont ynskje, lagt via Bankesteinen.

Då vi hadde med oss ein Jakob Sande entusiast på turen, blei det gjort ein liten stopp med framføring to dikt før vi gjekk i mål.     Takk til Atle Nordvik!

Ute i lendet var det mykje is å ta omsyn til, men vi klarte å kome oss gjennom utan uhell av noko slag. Turen var ferdig ca' 1350.

Takk for fin tur!

Før start
Før start
Pause på veg mot toppen
Pause på veg mot toppen
Ved kanonbrønen
Ved kanonbrønen
Nesten i mål - og like heile
Nesten i mål - og like heile

Skrevet av Håkon Fjell 7. februar 2018