Seniortur på Algrøyna 21.02.2018

På veg ut i lendet
På veg ut i lendet

Flott tur på Algrøyna med seniorgjengen.

Turen starta som vanleg med oppmøte ved Fjell kyrkje 1030. Der møtte 31 personer og 2 hundar opp i finværet. Då vi kom fram til Algrøyna sto det 4 nye personar og venta på oss. Dermed var vi 35 som var med på turen - utruleg bra i desse olympiadetider.

Vi gjekk ut frå Algerøy grendahus kl 1055. Turen gjekk i raud løype til Idlafjellet (78 moh). Vi tok det rolig og hadde pausar undervegs og var framme ca' kl 1230. Været var så fint at vi tok lunsjen på toppen der.

Etter dette gjekk vi tilbake eit stykke i same løype til vi kom til kvit løype som tok oss over til Elvane. På  stien ned til Arevika skremde vi opp ein havørn (are), så ein kan sei at stadsnavnet der passa godt. Etter ein roleg tur, med inlagte pauser, kom vi fram til Elvane og "Eventyrskogen". Med eit unntak, fekk lekesakene der være i fred - vi var visst lit trøytte så langt ut i turen.

Vi var tilbake til utgangspunktet ca' 1415. Turen gjekk fint, uten nokon rapporterte uhell til turleder. 

Pause undervegs
Pause undervegs
Oppstigningen til Idlefjellet
Oppstigningen til Idlefjellet
Lunsj på toppen
Lunsj på toppen
Pust i bakken på returen
Pust i bakken på returen

Skrevet av Håkon Fjell 21. februar 2018