Seniortur til Lutatangen 14.03

Turstart
Turstart Foto: Tormund Wågø

33 turglade seniorar på tur ut mot storhavet

33 seniorar med tur i blikket møtte på parkeringsplassen ved Fjell kyrkje til onsdagstur 14. mars. Vi kjørte til ein parkeringsplass på Golta, der turstien til Lutatangen starta. Løypa var lett å gå, ikkje så mange høgdemeter, mykje svaberg, og myrene var frosne og lett å forsere.

Vi hadde matpause ute ved Lutatangen, men ettersom det var berre 3 - 4 grader i lufta og ikkje noko sol, så vart pausen ikkje så lang.

Alle 33 kom heilskinna tilbake til parkeringsplassen. Takk til alle for ein fin tur.

Vi inspiserer ein gammal grunnmur
Vi inspiserer ein gammal grunnmur Foto: Tormund Wågø
Lunsjpause
Lunsjpause Foto: Tormund Wågø
Greitt å gå på svaberga
Greitt å gå på svaberga Foto: Tormund Wågø

Skrevet av Tormund Wågø 14. mars 2018