Tøffe turgåarar med Seniorgruppa i Øygarden 21. mars 2018.

Ved Gløvrebu.
Ved Gløvrebu. Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik

Tur på umerka og merka stiar frå Hjelme gamle kyrkje mot Bakken, vidare forbi Gløvrebu, gjennom Gløvro og til Sæle.

På Fjell møtte 20 turgåarar for å gå tur i Øygarden. Veret var bra då vi møttes, men det var meldt regn og det kom allereie på kjøreturen nordover. Ved Hjelme gamle kyrkje auka gruppa til 21 turgåarar. Vi starta å gå her ved kyrkja og gjekk mot Bakken. Litt frost var det enno i bakken, men også vått i stien.

Matpausen tok vi på rasteplassen med utsikt mot sjøen, holmane og Svellingen. Det var litt sur vind og regn så det vart ikkje tur på berga lengst ute med sjøen, men vidare i skogen til Gløvrebu og Gløvro.

Alle ville gå gjennom Gløvro, ein trang passasje i terrenget, fjellet.

Det var ein fin, tøff gjeng med godt humør som enda opp på Sæle. Derifrå ordna vi med transport for å henta bilane som stod der vi starta å gå frå.

På kjøreturen heimatt vart nedbøren meir med kvite våte flak. Godt det ikkje kom tidlegare mens vi var ute i terrenget. Turtid totalt med kjøring vart på 4 t. og 45 min.

Takk for turen!

Riktig god påske, til alle!

Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
På veg inn i Gløvro.
På veg inn i Gløvro. Foto: Bjørn Agasøster
Ut av Gløvro. Ingen fekk panikk. Berre smil å sjå då dei kom ut.
Ut av Gløvro. Ingen fekk panikk. Berre smil å sjå då dei kom ut. Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik