Rundtur på Ono

31 spreke seniorar på rundtur på Ono
31 spreke seniorar på rundtur på Ono Foto: Tormund Wågø

Fin rundløype i vekslande kystterreng

Vi møttest som vanleg på Fjell og kjørte til øya Ono, der turstien starta frå parkeringsplassen vår. Stien er merka til Dethloff-hytta - den turen har vi gått tidlegare - men denne gongen gjekk vi ein noko lenger tur, ei merka rundløype sørvest på øya. Dei som hadde merka stien, hadde nok tenkt at vi trengte nokre høgdemeter, stien gjekk frå svaberga og over dei høgste knausane. Veret var bra, vi slapp å få regn, vi fekk i staden litt solgløtt til lunsjpausen. 

Takk til alle som var med  for ein fin tur!

Turen gjekk delvis gjennom lyng og brake . . . .
Turen gjekk delvis gjennom lyng og brake . . . . Foto: Tormund Wågø
. . . .og delvis på svaberg
. . . .og delvis på svaberg Foto: Tormund Wågø
Stolte tindebestigarar!
Stolte tindebestigarar! Foto: Tormund Wågø
Lunsj på svaberga
Lunsj på svaberga Foto: Tormund Wågø

Skrevet av Tormund Wågø 26. april 2018