Sommaravslutning for Seniorgruppa

Først i mål, hurra!
Først i mål, hurra! Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik

Ingen sommarvarme i dag på vår sommaravlutning 13. juni 2018.

Dagen starta med sol, men det skya over og temperaturen var på omlag 13 gradar mens 28 seniorar var samla på Bjorøyna. Vi likar å vera ute så det vart diverse uteakivitetar som:  tandem skigåing på sommarføre, pilkast, potet i skei løp, hestesko og ballkast m.m.

Det vart kjølig sjølv om vi var i aktivitet så vi tok matpause etter ei stund i ly for vind frå nord.

I dag vart det litt meir enn vanleg matpakke og drikke. Her var rikeleg med kaker til å forsyne seg av. Takk til dei som hadde baka, det smakte godt.

Takk for at vi fekk tilgang til hus på Bjorøyna om veret skulle bli for dårleg til å vera ute.

God sommar! til alle turgåarane og velkommen til nye turar og kanskje nye turgåarar når vi startar opp att i august.


Men korleis kan dette gå?
Men korleis kan dette gå? Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
Foto: Gunnar Angeltveit

Takk til Vigdis Angeltveit frå oss alle i Seniorgruppa. Ho bakar alltid gode kaker og hjelper også til ved alle jule- og sommaravslutningar. 

Foto: Gunnar Angeltveit

Takk også til turleiar Mai Wergeland Villanger! Dessverre sluttar ho som turleiar.