Seniorgruppa sin tur til Høvringen og Rondane august 2018

Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik

Spreke og humørfylte seniorar hadde det fint på turen til fjells.

Frå 12. - 17. august var vi 30 personar som hadde teke turen til Høvringen. Vi budde på Rondane Haukliseter Fjellhotell. Der vart vi godt motteken av smilande, hyggeleg vertskap og personale. Dei er alltid oppteken av at gjestane har det bra. Maten var i år som i fjor veldig god og mykje å velje i.

Her frå hotellet kan vi gå rett ut i turløypene på Høvringen og Rondane. Løypene er godt merka og ein kan velja mellom lang tur, topptur eller turløyper for lettare turar for dei som vil ha det.

På kveldstid, etter ein god middag samlast vi alle til sosialt samvær med quiz, historiar, vitsar, sang, gitar og munnspel. Fantastisk å kunne kombinere sosialt fellesskap og friluftsliv på denne måten.

Veret, det var dagar med strålande sol, eller delvis skya. Siste turdagen gjekk vi tur i kulturløypa på Høvringen. Då var det mykje regn. Ja, vi vart rett og slett godt våte sjølv med regnklede på.

Til Peer Gynt hytta
Til Peer Gynt hytta Foto: Vigdis Fjeldstad Karlsen
På tur utanfor merka løyper med, Tore (hotellvert) Fantastisk og minnerik tur.
På tur utanfor merka løyper med, Tore (hotellvert) Fantastisk og minnerik tur. Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
Foto: Bjørg Wåge
Til Formokampen og rundtur til Putten Seter.
Til Formokampen og rundtur til Putten Seter. Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
Ved Høvringen fjellalter
Ved Høvringen fjellalter Foto: Runa Schreuder Kjelstrup
Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik