Overnattingstur på Alexander Grieghytta 14. - 16. september 2018

Haustfargar ved Alexander Grieghytta i september.
Haustfargar ved Alexander Grieghytta i september. Foto: Heidi Reisegg Endal

Det var mange turglade vaksne og barn som var med på hyttetur i Bergsdalen. Sjølv om det regna fekk me oppleve dei flotte haustfargane då me gjekk tur til Moastølen. Der hadde me bål og serverte varm kakao og nypoppa popcorn. Nokon prøvde fiskelykken, men den eine fisken som nappa ville ikkje bli med heilt opp til land, så det vart med det eine nappet. Om kvelden kosa me oss inne i varmen i hytta. Leikerommet var til stor glede for dei barna som framleis hadde ein del energi til overs etter turen, medan andre fann roen med spel og teikning. Nokre barn hadde ikkje fått nok av å være ute og tok like greit nok ein tur rundt hytta. Ved den flotte fossen fann dei ein frosk som berre ville sitte i ro når den kom i handa på ei jente. Om det var ein ekte prins fekk me aldri vite. Takk til alle som var med på turen og som på alle måtar hjalp tll med å skape ei vellukka helg.

Avslapping inne i hytta den første kvelden.
Avslapping inne i hytta den første kvelden. Foto: Heidi Reisegg Endal
Før me gjekk til Moastølen hadde me samling utanfor hytta.
Før me gjekk til Moastølen hadde me samling utanfor hytta. Foto: Heidi Reisegg Endal
På veg til Moavatnet. Alle barna fekk sekk frå Kiwi med jubileumsmatboks oppi. Oppi der var det litt godt å bite i på turen.
På veg til Moavatnet. Alle barna fekk sekk frå Kiwi med jubileumsmatboks oppi. Oppi der var det litt godt å bite i på turen. Foto: Heidi Reisegg Endal
Me tenner bål for å halde varmen i regnbygene.
Me tenner bål for å halde varmen i regnbygene. Foto: Heidi Reisegg Endal
Godt med varm kakao som me varma på bålet.
Godt med varm kakao som me varma på bålet. Foto: Heidi Reisegg Endal
Turleiar sjekker om kakaoen er god.
Turleiar sjekker om kakaoen er god. Foto: Heidi Reisegg Endal
Flotte fargar ved Moavatnet.
Flotte fargar ved Moavatnet. Foto: Heidi Reisegg Endal
Popcorn høyrer med på laurdagstur.
Popcorn høyrer med på laurdagstur. Foto: Runhild Rokkan
Det var vått på stien ved Moavatnet.
Det var vått på stien ved Moavatnet. Foto: Runhild Rokkan
Då sola kom fram vart haustfargane endå skarpare og flotte.
Då sola kom fram vart haustfargane endå skarpare og flotte. Foto: Heidi Reisegg Endal
Tilbake på hytta. Tid for innekos igjen.
Tilbake på hytta. Tid for innekos igjen. Foto: Heidi Reisegg Endal
Mange kjekke spel på Alexander Grieghytta.
Mange kjekke spel på Alexander Grieghytta. Foto: Heidi Reisegg Endal
Kreativiteten blomstrar på leikerommet.
Kreativiteten blomstrar på leikerommet. Foto: Heidi Reisegg Endal
Nokon ville heller være ute litt lenger.
Nokon ville heller være ute litt lenger. Foto: Heidi Reisegg Endal
Spikkekunst.
Spikkekunst. Foto: Heidi Reisegg Endal
Frosk eller prins? Me fekk aldri sjekka det, men søt å sjå på var den i alle fall.
Frosk eller prins? Me fekk aldri sjekka det, men søt å sjå på var den i alle fall. Foto: Heidi Reisegg Endal
Roen senker seg inne i hytta.
Roen senker seg inne i hytta. Foto: Heidi Reisegg Endal
Sjekk Inn med Sjekk Ut på Alexander Grieghytta
Sjekk Inn med Sjekk Ut på Alexander Grieghytta Foto: Runhild Rokkan

Skrevet av Heidi Reisegg Endal 24. september 2018