Rundtur frå Telavåg skule den 3. oktober 2018

Litt historie her ute og inne ved Sørvika
Litt historie her ute og inne ved Sørvika Foto: Egil Haaland

Her ute fekk vi sjå klatreveggen "Ei klatreperle i Hordaland" med navnet Fiskesleppet og havutsikt. Litt historie frå krigen hadde vi også med. 

I dag var vi 41 seniorar som ville ut på tur. Som vanleg møtte vi på Fjell. Turleiar såg straks at her måtte vi organisere oss slik at vi fekk parkere ved skulen på Telavåg. Der er ikkje mange parkeringsplassar på ein vanleg skuledag. Men det ordna seg med at vi parkerte nokre bilar på parkeringa ved idrettsplassen.

Veldig kjekt at så mange ville gå med oss. I første del av turløypa vart vi både våt og skitne. Rundløypa vi gjekk frå klatreveggen var noko sleip så vi måtte sjå oss for.

Så kom sola fram mens vi hadde matpause. 

På turen vidare frå Grana mot Sørvika var det fortsatt sol, og vi stoppe litt for å nyte utsikta ut mot havet. Inn Sørvika var det meir stille på sjøen. Her fekk vi ei rengbyge på oss før vi var oppe til ein lavo og klatreveggen att.

Vi var innom Nordsjøløypa nokre gonger men vi gjekk også på umerka tråkk/sti . Fleire av turgåarane gav tilbakemelding;  det var ein fin tur.

Ved klatreveggen.
Ved klatreveggen. Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
På berga ute ved Grana.
På berga ute ved Grana. Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
Matpause i fin sol.
Matpause i fin sol. Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
Med regnbue i bakgrunnen.
Med regnbue i bakgrunnen. Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
To blide damer på benken ved Grana.
To blide damer på benken ved Grana. Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
Lang, lang rekkje frå Grana mot Sørvika.
Lang, lang rekkje frå Grana mot Sørvika. Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
Så kom det ei regnbyge på oss.
Så kom det ei regnbyge på oss. Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik