Felles dugnad med Seniorgruppa og Dugnadsgruppa

Leif og Håkon med liste over arbeidsoppgåver.
Leif og Håkon med liste over arbeidsoppgåver. Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik

Lista over ventande arbeidsoppgåver var lang til dugnaden 10. oktober 2018. Takk til dei som var med og gjorde ein innsats for turlaget.

Dagen starta med ganske grått og vått ver. Men innan vi var klar for arbidsoppgåvene ute var det slett ikkje bruk for regnklede. Som biletet viser så var det mange oppgåver å velgje i. Her var arbeid til fleire enn dei 9 som møtte for å gjera ein innsats. 

Eit lag på 4 menn tok turen til demningen ved Bildevatnet for å setje opp skilt, og merkje løypa med raudmåla pinnar. 

Ved turlagshuset på Fjell har det lenge vore arbeida både ute og inne. Ute er stort sett ferdig, litt maling på lister mangla. Det var for vått til å ta denne dagen etter alt regnet. Inne er det plata på vegger m.m. Der var no listing att rundt ei dør til det største rommet. Dette og anna snekkerarbeid  tok 2 karar seg av. Her var mykje byggjestøv i rommet og 2 av damene fann seg vaskebøtter og vaska tak og vegger. Sjølv gjekk eg for utearbeid ved å renske vekk gras og så gruse utanfor inngangsdøra. Då var alle i arbeid.

Vi hadde hatt bruk for fleire så kunne vi ha merka enno ei turløype. Dugnadsgruppa møtes om torsdagane så vil du delta er det berre å ta kontakt.

Skrevet av Anne-Liv Foldnes Bjørsvik 11. oktober 2018