Spreke seniorar på frisk tur i Øygarden 31.10.2018

På veg ned frå Jurefethauen.
På veg ned frå Jurefethauen. Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik

Det regna, litt vind på Jurefethauen og ved bøljekraftverket. Men mot slutten av turen kom sola fram.

Turen skulle vera ein rundtur i Vikåsen tursti, ein del av Nordsjøløypa. Sjølvsagt skulle vi ha med oss både Jurefethauen og Vikåsen.

For fleire av turgåarane var dette ein ny tur og sidan rundturen vår var ikkje langt frå det øydelagde bøljekraftverket som vart bygd på 80-talet var det interesse frå fleirtalet å ta turen ut dit.

Vi starta å gå frå Turøyvegen. Då slapp vi gå på asfalt og eit vått parti med sleipe berg. Men kom likevel inn på Vikåsen tursti, vidare til Jurefethauen og avstikkaren til bøljekraftverket. I skogen på vår avstikkar tok vi matpausen for å vera litt i ly for regnet.

Ved bøljekraftverket kunne dei som ville det gå heilt ut der, for å sjå. Dei som ikkje var heilt ute "tutla" tilbake og inn i skogen og hadde sangtime for seg sjølv. Trur ikkje dei såg ørna som vi andre såg, men det såg ut til at dei hadde hatt ein fin sangtime.

Vel tilbake frå avstikkaren og vidare på vår rundtur måtte vi gå over ei myr, gjennom ei ur og oppstigning mot Vikåsen. Nesten på toppen hadde vi ein liten pause der Atle tok eit dikt av Jakob Sande for oss.

På siste delen av turen såg vi restaurerte skjeneflorar og hadde ein liten stopp i Pardalsmyra før vi gjekk tilbake til bilane.

Turen vart på ca. 7 km. og vi brukte 4,5 timar med kjøring til og frå. Tilbakemeldingar frå nokre var at det var ein fin tur, og kjekt å gå på nye plassar for dei som ikkje hadde vore her før. Vi var 30 turgåarar på denne turen.

Mat må vi ha.
Mat må vi ha. Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
Ved bøljekraftverket.
Ved bøljekraftverket. Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
Ved det øydelagde bøljekraftverket.
Ved det øydelagde bøljekraftverket. Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
På Vikåsen.
På Vikåsen. Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
Ved eine skjenefloren.
Ved eine skjenefloren. Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
Pardalsmyra. Randi i farta.
Pardalsmyra. Randi i farta. Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
Foto: Egil Haaland

Skrevet av Anne-Liv Foldnes Bjørsvik 31. oktober 2018