Seniortur til Fjell festning

Spreke seniorer klar for avmarsj
Spreke seniorer klar for avmarsj

Tur opp Russarstegen og omvising på Fjell festning.

Formålet med dagens tur, var å vise deltagerene Fjell festning. I tillegg, også gi litt historisk bakgrunstoff.  Vi blei etter kvart 39 personer som var med på turen. Etter at vi hadde forflytta oss frå vanlig oppmøteplass og til Gjerde, starta sjølve turen ca' 10:45. Været var upåklagelig; opplett og god varme (spesielt under turledervesten).  I dag brukte vi gode 20 minutter opp sjølve Russarstegen og var ved Kanontårnet ca' 11:10.

Inne i kanontårnet (kafeen) blei det informert om slagkrysseren Gneisenau si historie. Det var skipet som hadde hatt den store kanonen (28,3 cm) før den kom til Fjell festning. Vidare blei det informert om tyskerane sit inntog på Fjell, arbeidet med å etablere festningen og det som det førte med seg.

 Lunsj i kafeen ca' 11:45 - 12:15.

Etter lunsj gjekk vi ned i fjellanlegget der vi først kikka på alle utstillingane. Vi hadde fått lov til å gå gjennom heile fjellanlegget og let oss ikkje be to ganger. Så det blei innblikk i; kraftstasjonen, forlegningsrom, vaskerom, toalett (5-seter), bysse og badstu. Det var mange som tok denne turen for første gang. Etter å gått heile "Karl Johan", der vi ikkje møtte spøkelset i dag heller, endte vi opp under kommandoplassen og ved nordre forlegningsområde. Derfrå gjekk turen opp trappene og ut i dagen.

Deretter blei tursekkene henta og vi gjekk ein runde på festningsområdet. Vi passerte amunisjonsbunker for 28,3 cm kanona, leiren, vakten, amunisjonsbunker for luftvernbatteriet (FLAK) og tilslutt var vi innom på FLAK'en.

Turen ned frå festningen gjekk på stien forbi Bankesteinen og ned til Varden. Herifrå gjekk taubanen som som blei brukt som transportvei for material til festningen første tida - før festningsveien var etablert. Vel nede igjen blei det tid til ein liten omvisning i klubbhuset for dei som ynskte det.

Turen var slutt ca'14:25.

Takk for turen!

Første etappe opp Russarstegen.
Første etappe opp Russarstegen.
1. pause
1. pause
Klar for tur på festningsområdet.
Klar for tur på festningsområdet.
Ved FLAK'en
Ved FLAK'en
Turlederen i fri utfoldelse.
Turlederen i fri utfoldelse.

Klikk her for å skrive tekst.

Skrevet av Håkon Fjell 7. november 2018