Seniortur til Krabbakjeilo på Algrøy

Spreke seniorer klar for tur mot havet.
Spreke seniorer klar for tur mot havet.

Fin tur i frisk vind på Algrøy

Onsdag, 14.11. var det 36 seniorer som stilte til tur på vanlig oppmøteplass kl 1030. Vi samla oss i bilar, kjørte til Algrøy skule og gjekk derfra ca' kl 1055.

Turen gjekk først 0,6 km på asfalt før vi gjekk ut i terrenget ved "Strilalam". Vi hadde ein liten stopp, med utsikt over Kongsvika, der historien om det store sildevarpet i 1924 blei fortalt for en'te gang. Krabbakjeilo blei nådd like før 1200, så det passa godt å ta lunsj der. Det blåste friskt så lunsjen blei kort - ca' 20 min.

Turen tilbake gjekk på stien som førte oss til Elvane og Trollskogen. Der var det mulighet for å prøve Zip-line. Det var nokre få som turde det.  Vi gjekk så videre tilbake til start.

I flg skilting hadde vi gått 1,5 + 2,8 km - i tillegg kjem transportetapper på veg ( 0,6 km x 2).

Turen avslutta ved Algrøy skule ca' 1345.

Under vegs I
Under vegs I
Under vegs II
Under vegs II
Ved Krabbakjeilo
Ved Krabbakjeilo
Pust i bakken ved Elvane I
Pust i bakken ved Elvane I
Pust i bakken ved Elvane II
Pust i bakken ved Elvane II

Skrevet av Håkon Fjell 14. november 2018