Siste seniortur i 2018 - til Skogsøytuva

Onsdag 28. november var den siste novemberdagen med kaldt og fint turver. Da drog 33 turglade seniorar til Skogsøy i Øygarden.
Etter ein halv times kjøring frå parkeringsplassen ved Fjell kyrkje var vi ved brua mellom Skogsøy og Herdlevær, der stien ut til Skogsøytuva starta. Stien var tørr og fin, og myrene var frosne. Det var og komme ein del nye og fine trapper der terrenget var litt bratt.
Etter ein liten lunsjpause i ly for vinden oppe på Skogstuva tok vi ein sti litt lenger aust tilbake til Mjølkevika. Dermed fekk vi ein liten rundtur på den sørlege delen av øya.
Vi var ferdige med turen ein halv time før planlagt tid. Om det skuldast den tørre fine stien eller ekstra spreke seniorar er ikkje godt å seie . . . .
Takk for ein fin tur!



Klikk her for å skrive tekst.