Seniorgruppa med avslutning av turåret 2018 - juleavslutning

Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik

Ein kjekk gjeng var samla for sosialt samvær på Røde Kors huset på Straume.

Vi var 51 personar som ville bli med på avslutninga av turåret 2018. Turleiarane ordna med bord og stolar, og dekka borda til folket kom.

Etter velkomst, sang vi sangen "Onsdagstur" av Rolv Landøy. Vidare såg vi ein filmsnutt om aktivitetar i Fjell Turlag 2018.

Tormund Wågø las om "Jula før i tida".  Vi song "Det lyser i stille grender", og det var tid for mat. Betasuppa smaka godt og praten gjekk livleg.

Det er teke mange bilete på turane våre gjennom året og desse vart vist. Ved ordet fritt vart det formidla koselege historiar av både Evy Kaalaas og Vigdis F. Karlsen.

Vi var så heldig at Olav Ulveseth hadde teke trekkspelet med. Han spela både til "Musevisa", "Jeg gikk meg over sjø og land", og fleire.

Kaffi og kaker smaka. Fleire hadde baka og teke kake med. Det var rikeleg med kaker. Takk til dei som baka!

Atle Nordvik med Jakob Sande dikt.
Atle Nordvik med Jakob Sande dikt. Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik

Atle Nordvik deklamerte dikt av Jakob Sande. "På krambua", "Då Gud holdt fest i Fjaler" og "Bygda Søv". Utruleg kva Atle hugsar og kan formidle.

Turleiar Finn Villanger sluttar som turleiar. Han vart takka for tida som turleiar med blomar og noko meir.

Vi har planar om tur til fjells 11.-16. august 2019. Denne gong vil vi prøve ein tur til Golsfjellet. Derfor vart det litt orientering om det. Det såg ut til at interessa var så stor at vi arbeider vidare med det.

Grete Strømme og Vigdis F. Karlsen klare for å starte med utloddning.
Grete Strømme og Vigdis F. Karlsen klare for å starte med utloddning. Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik

Så var det tid for utloddning der alle fekk gevinst. Men på toppen av det var det nokre som hadde meir vinnarlykke og vann større fine ting gitt som gave til utloddninga. Takk til dei som hadde gitt fine gevinster og takk til Grete og Vigdis for moroa.

Til slutt sang vi songen "Deilig er jorden"

Takk for turåret 2018 og Riktig God Jul! Velkommen på tur igjen i 2019.

Skrevet av Anne-Liv Foldnes Bjørsvik 5. desember 2018