Ut på tur - aldri sur. 

Foto: Egil Haaland

Dårleg ver hindra ikkje 41 seniorar til å ta turen til Tyssøyna idag.

Dette var første turen til Seniorgruppa i 2019 og turgåarane var ivrig etter å koma ut på tur att. Det regna, bles og var ganske grått. 

Etter ankomst Tyssøyna gjekk vi først på asfalt opp til vegen til Smivågen som er grusveg. Men før grusvegen stoppa vi for å sjå på Kyrkjesteinane.  Det er to tilhogne steinblokker som truleg har vore ein del av ei kyrkje. "Kong Håkon den femte oppretta kongeleg kapella på Tyssøy i 1300-tallet. Kapella vart vigsla St. Ludvig av Frankrike av den færøyiske biskob Erlend mellom 1305-08. Kyrkja stod her oppe midt på Tyssøygarden, med retning nordaust-sørvest, og var laget av stein." Dette og meire til kan ein lesa på skilt her. 

Vidare gjekk vi forbi det tidlegare skulehuset frå 1918. Så var det opp til Varden, 80 m.o.h. Her kunne det vore fin utsikt i alle retningar om veret hadde vore litt annleis. Men ok vi fekk då med oss noko, som Flesland, Raunefjorden, Lielva, Liaskjeret, Li, Kobbeleia og i nord låg Bjorøyna.

På veg opp til Varden på Tyssøyna
På veg opp til Varden på Tyssøyna Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
På Varden på Tyssøyna
På Varden på Tyssøyna Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik

Frå Varden gjekk vi mot Smivågen og det var tid for matpause. Her var vinden sur og det regna godt. Rasteplassen vart ikkje den beste, men det var på grunn av veret.

Merkeleg nok då vi var ferdig med matpausen slutta det å regne. På vestsida mot Tyssøyvågen var det litt vind på toppane, men så kom sola fram! Utruleg etter alt regnet.

Det var veldig vått og sleipt over alt i stiane. Også på grusvegen var det store dammar.

Frå Tyssøyvågen gjekk vi på asfalt tilbake til bilane. Det vart ein rundtur på vegar vi har gått fleire gonger før, men for Seniorgruppa var det også nye stiar.

På veg mot Tyssøyvågen. Raunefjorden bak.
På veg mot Tyssøyvågen. Raunefjorden bak. Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
Mot Tyssøyvågen.
Mot Tyssøyvågen. Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik