Vinterferie? Nei.....ikkje seniorane

Filmteam gjer seg klar til å sende opp drone for å filme på veg til Høybøen.
Filmteam gjer seg klar til å sende opp drone for å filme på veg til Høybøen. Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik

Nokre av seniorane har slett ikkje hatt tid til å ta ferie verken sist lørdag eller no i veka.

I den tida har vi vore statistar på tre turar som er filma, og det har vore felles dugnad med Dugnadsgruppa.

Fjell Turlag, Sund Turlag og Sotra Øygarden Turlag har ei tid jobba med å få til eit felles Kystpass 2019. Det er eit hefte der vi har turbeskrivelse, kart m.m. for ti turar i kvar av dei tre kommunane, Fjell, Sund og Øygarden. (kjem ut før påske) I den forbindelse skal også nokre av desse turane filmast. Apagon har filma. Meininga er at Kystpass også skal vere digetalt. Likeeins filmar frå turar i alle tre kommunane. Eg vil her fortelje litt kva vi i Fjell Turlag har vore med å filma, tilsaman fire turar.

I november 2018 var vi to vaksne og fem barn som starta turen som skulle gå til Sandeie på Algrøyna, og på tilbaketuren skulle vi innom Trollskogen. Vi starta kl. 10.00 på stien utover forbi Idlefjellet. Det vart mykje stopp, venting og "no tek vi det omatt". Men vi kosa oss både vaksne og barn. Alltid fint å vera ute i naturen på ein fin dag. Men i november er ikkje dagane så lange med dagslys. Vår tur vart lang i timar på grunn av filminga. Flott der ute på Sandeie, men bra vi kom oss i bilane til kl. 17.00 for då var det mørkt.

Lørdag 23. februar var vi 6 turgåarar og to hunder som var statister på tur til Høybøen.

No på onsdag gjekk turen frå Vågo til Saltskohamn. Denne dagen var det mange som ville bli med, men fire vart valgt som statistar. Eg viste veg, mens andre tok ein tur for seg sjølv.

I dag torsdag har vi gått fem personar til Spjeldsfjellet og blitt filma. 

Men vi må ikkje gløyme flinke dugnadsfolk. Åtte personar var med på dugnad som Seniorgruppa var med å arrangere. Eg sa dei måtte ta nokre bilete som vi kunne leggje til her. Nei, dei var så oppteken med sin dugnad at det vart ikkje noko bilete her.

Takk for innsatsen frå alle som har vore med i aktivitar omtala her - med Fjell Turlag.

Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
Flinke, blide, unge turgåarar på tur til Sandeie i november-solskin
Flinke, blide, unge turgåarar på tur til Sandeie i november-solskin Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
På veg til Høybøen.
På veg til Høybøen. Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
Denne traff vi på Høybøen. Eit tidleg vårtegn.
Denne traff vi på Høybøen. Eit tidleg vårtegn. Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
Dette er dei fire utvalgte statistane på turen til Saltskohamn. Trur alle har nye sko, er dei ikkje fine?
Dette er dei fire utvalgte statistane på turen til Saltskohamn. Trur alle har nye sko, er dei ikkje fine? Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
Filmteam på turen til Saltskohamn
Filmteam på turen til Saltskohamn Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
På Spjeldsfjellet.
På Spjeldsfjellet. Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik

Skrevet av Anne-Liv Foldnes Bjørsvik 28. februar 2019