Seniorgruppa på tur frå Fjæreide

Saufjellet var målet for 27 seniorar og ein hund i dag 3. april.
Etter oppmøte på Fjell køyrde vi til Fjæreide. Der møtte vi fleire som ville gå tur med oss. Ved snuplassen orienterte turleiar om korleis turen var tenkt. Å gå berre opp og nedatt til Saufjellet ville bli ein altfor liten tur. Derfor starta vi å gå på Nordsjøløypa mot Apalvågen, men tok av undervegs i vestleg retning for så å gå mot turmålet vårt.
Mat må vi ha, så ein stopp før vi var oppe var eit ønskje. Praten gjekk livleg. Her sang vi bursdagssangen til ein turgåar, Randi som valgte å gå tur med oss på bursdagen sin.
Oppe på den første, vestre toppen vi kom til var det fantastisk utsikt.
På den andre toppen frå vest, den med den største varden på kunne vi sjå meir ned til Fjæreide. Her fortalde Grete om sin barndom og undomstid som ho hadde på Fjæreide. Tusen takk for det, Grethe!
Heldigvis var det inga uhell. Turtid var rekna til 3,5 timar. Vi brukte litt over 3 timar. Det var overskya med fin temperatur. Ein tur utan regn, berre litt på kjøreturen tilbake til Fjell.





