KYSTPASS 2019

Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik

Felles kystpass er no lansert med 30 turmål i Fjell, Sund og Øygarden.

Kystpasset er eit turhefte med til saman 30 turar frå sør til nord i kommunane  Fjell, Sund og Øygarden. Det er 27 gåturar og tre padleturar. Her finn du mange fine turopplevingar og nye løyper for store og små, med ulik grad av vanskelegheit. Ein fantastisk mogelegheit til å verta kjent med nye område i dei tre kommunane.

Kystpasset er gratis, og kan hentast på biblioteka og rådhusa på Fjell, Sund og Øygarden. I Fjell har vi også lagt ut nokre eksemplar på bensinstasjonane.

Du kan sjå Kystpass 2019 digitalt her:

https://www.fjell.kommune.no/contentassets/77859f04135c46ac98a39ee073c59f1f/kystpasset_2019_for-nett.pdf

Nokre av turane/turmåla er også filma. Dei finn du her: http://www.ordispor.no/

Vidare har vi DNT SjekkUT appen med alle 30 turmåla. Vil du laste den ned? Du kan lese om den hos: https://www.dnt.no/sjekkut/ eller laste den ned i App Store eller Google Play.

Og ikkje minst har Fjell Turlag "KystTrimmen 2019" med ti turmål. Den finn du også i DNT sin SjekkUt app.

Vi i Fjell Turlag ønskjer alle God tur! om de vil gå med oss i turgruppene eller på eiga hand.


Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik