Tur til Lutatangen i Sund

Heilt ute på Lutatangen
Heilt ute på Lutatangen Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik

Seniorane i Fjell Turlag fekk ein fin tur 15. mai i strålande sol og lett terreng å gå i.

I dag var det 32 turgåarar som ville ta turen til Luten/Lutatangen. Kjøring til Golta gjekk greit og parkeringsplass var det til alle. Veret var fint med sol og berre litt vind. Turen vidare utover gjekk greit å gå i fint kystlandskap og utsikt mot havet.

Etter klipp i Kystpass, notering i turbok og registrering i SjekkUt appen måtte vi ha ein matpause. I haugen bak raud "turkasse"  fann vi oss ein lun plass for å sitja. Der kunne vi eta nista vår. 

Veldig ofte har vi enda turen utover akkurat her og gått tilbake. Sidan veret var bra freista turleiar spørja om vi skulle gå på berga heilt ut til Lutatangen. Ja, det ville dei utanom nokre som valgte å sitja i sola og prate mens vi andre fekk ein opplevelse med blankskura berg, og strandnellik som klora seg fast i sprekkene her ute med havet.

Utruleg lite vind lengst ute, og det passa fint å setja seg for å høyra Atle Nordvik deklamere to dikt av Jakob Sande.

Det var ein fantastisk fin gjeng turgåarar med i dag, også med historieforteljing, og mykje godt humør. Det er godt å vera turleiar med ein slik gjeng. Takk for turen!

På veg utover
På veg utover Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
Foto: Runa Schreuder Kjelstrup
Matpause i ly for vinden.
Matpause i ly for vinden. Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
Ut mot havet
Ut mot havet Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
Mot Lutatangen
Mot Lutatangen Foto: Runa Schreuder Kjelstrup
Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
Atle deklamerer "Hymne" av Jakob Sande der ute på Lutatangen.
Atle deklamerer "Hymne" av Jakob Sande der ute på Lutatangen. Foto: Runa Schreuder Kjelstrup
Så er det tid for å heim att gå.
Så er det tid for å heim att gå. Foto: Runa Schreuder Kjelstrup
Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik