Seniortur til Liatårnet

Før start på Haganes
Før start på Haganes

Spreke seniorer trossa været og gjekk tur til Liatårnet 05.06.

Onsdag 5. Juni var det 16 seniorer som stillte opp til tur i silande regnvær kl 10:30. Vi kjørte fra oppmøteplass på Fjell og til parkeringsplass på Haganes.

Sjølve gåturen starta derfra kl 10:50. Vi følgde nordsjøløypa (blå løype) oppover mot Liatårnet.  Etter alt regnet, var det mykje vatn i løypa og eindel sleipe steinar. Løypetraseen består, mellom anna, av tre bratte parti der nr 2 og -3 er mest utfordrande. Vi nådde toppen, 341 moh, etter 1 time og 50 min.

Opphaldet på toppen blei av det korte slaget pga været - kun klipping i kystpass og navneskrivig i bok for dei som ynskte det. Vi forflytta oss til ein lunare plass for å innta lunsj. På slutten av turen opp, slutta det å regne og skodda forsvann i løpet av lunsjen slik at vi fekk nyte utsikten på vegen ned frå fjellet.

Turen ned gjekk vest for Liatårnet før vi la kursen mot sør og kom inn att på nordsjøløypa. Denne fulgte vi til den bratte nedstigningen frå Skorafjellet. Deretter gjekk vi i sør-austlig retning ned til elva frå Kattatjørna og fulgte stien langs denne. Dermed unngjekk vi dei to verste nedstigningane og deltakarane fekk sjå nytt terreng. Siste delen tilbake til start gjekk i nordsjøløypa.

Turen gjekk utan uhell av noko slag. Vi brukte 1 time og 35 min på tilbaketuren og var tilbake til bilane ca' kl 14:45. Då hadde vi gått ca' 8.7 km og forsert 426 høydemeter.

To av tre kneiker er unnagjordt
To av tre kneiker er unnagjordt
Ikkje berre motbakkar på vegen.
Ikkje berre motbakkar på vegen.
Siste "bøygen" før toppen.
Siste "bøygen" før toppen.
Klipping i kystpass.
Klipping i kystpass.
Grått på toppen.
Grått på toppen.
Nedturen godt i gang.
Nedturen godt i gang.
Ein treng pauser også på veg nedover.
Ein treng pauser også på veg nedover.

Skrevet av Håkon Fjell 5. juni 2019