Sommaravslutning for Seniorgruppa

Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik

Vi er i mål med mange fine turar for Seniorgruppa i 1. halvår 2019.

I dag 12. juni vart det ein fin, lett tur til Havutsikten frå parkeringsplassen ved Kårtveitpollen. Tur/retur vart turen i marka på 1 time og 16 minuttar.

Vidare gjekk turen til friluftslivsområdet i Kårtveitpollen som Bergen og Omland Friluftsråd har laga så fint til. Her venta nokre med bålpanna, grill og kakebord. Då var vi samla 26 personar og 1 hund.

Turgåarar hadde med kaker, og dei smaka godt. Tusen takk til dei som hadde kaker med!

Temperaturen på over 20 grader kan vi ikkje klaga på. Det var mest overskya, men mens vi åt titta sola fram. Nokon er tøffare enn andre og lot seg freiste til å bade i sjøen.

Turkalender for 2. halvår 2019 vart delt ut. Du kan også lese om turane våre på heimesida til Fjell Turlag: fjell.dnt.no. Også i Kystpass 2019 kan du sjå kvar turane våre går til - ut året. 

Velkommen til nye turar frå i slutten av august.

Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
Kårtveitpollen. Takk for oss for denne gang! Vi kosa oss.
Kårtveitpollen. Takk for oss for denne gang! Vi kosa oss. Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik