Seniorgruppa på Golsfjellet 11.-16. august 2019

Seniorgruppa på Golsfjellet 2019
Seniorgruppa på Golsfjellet 2019

Gode tilbakemeldingar om at dette var ein fin plass for gruppa. Både å bu -og det å kunne gå både lange og kortare turar. På kveldane vart det sosialt samvær i Fjøset.

Vi, 45 personar møttes på Golsfjell Fjellstue i løpet av søndag. Dei fleste fekk rom inne på fjellstova, men nokre fekk rom i hytter. Ingen sure miner fordi om dei fekk rom i hytte. Hyttene var forholdsvis nye og fine å bu i.

Til måltidene samlast vi alle inne i spisesalen. Etter middag var det sosialt samvær i Fjøset. Der hadde vi god plass, og mykje moro med quiz, allsang, solosang, musikk og dans. Vart vi tørste så var Knut Arne til tjeneste i baren.

Heldigvis hadde vi fint ver. Mandag starta vi med at alle tok turen opp på Auenhaugen for å nyte utsikt og orientere seg. Her delte vi oss i to grupper fordi nokon ville gå lang tur mens andre ville gå noko mindre. Flotte turar for begge gruppene.

Til tirsdag var det meldt mykje regn. Pytt pytt.. nokre går lang tur uansett. Heldigvis vart det ikkje så mykje regn som meldt. Underteikna tok med seg resten av gjengen ned til Tisleifjorden for at dei som ville fiske kunne det. Etterpå gjekk vi til Årestugu for å grille pølser. Så viste det seg at dei som fiska frå båten hadde fått to fiskar. Desse fiskane vart også teken på grillen. Alle fekk smaka.

Onsdag vart det sykkeltur for nokre. Men dei fleste valgte gåtur. Vi starta turen samla men delte oss seinare der ein gjeng gjekk til Gurisethøvda og den andre til Ørterhøvda. Uansett kva tur vi valgte denne dagen måtte vi tilbake slik at alle kunne vera med på felles uteaktivitet med sju postar rundt på tunet ved fjellstova kl. 15.30. Veldig kjekk aktivitet.

Torsdag valgte nokon sykkeltur, andre som ikkje hadde vore til Tisleifjorden gjekk ned dit. Også denne dagen vart det to gåturar å velgje i, både lang og kortare. Den kortaste vart på ca. 14 km. 

Fredag var heimreisedag. Takk for oss til vertsskapet på fjellstova, for god mat og alltid imøtekomande. Takk til alle dei positive turdeltakarane. Det vart mange gode minner å ta med heimatt etter desse dagane i fjellet.

På Auenhaugen. Utsikt til Tisleifjorden og mykje meir.
På Auenhaugen. Utsikt til Tisleifjorden og mykje meir. Foto: Runa Schreuder Kjelstrup
I Fjøset på kveldstid med fyr i peisen.
I Fjøset på kveldstid med fyr i peisen. Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
Sterke karar gjer seg klar for fisketur.
Sterke karar gjer seg klar for fisketur. Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
I Årestugu
I Årestugu Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
Stolte fiskarar med to små fiskar.
Stolte fiskarar med to små fiskar. Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
Årestugu
Årestugu Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
Gurisethøvda med fin utsikt
Gurisethøvda med fin utsikt Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
Vi gjer oss klar for oppdeling til sju lag til aktivitetsrunden på tunet ved fjellstova.
Vi gjer oss klar for oppdeling til sju lag til aktivitetsrunden på tunet ved fjellstova. Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
Post 1. Korleis kan vi få desse bitane i saman for å få ein stor raud T?
Post 1. Korleis kan vi få desse bitane i saman for å få ein stor raud T? Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
Tidleg morgon med dis over Tisleifjorden. Fjøset med gras på taket lengst framme. Fin utsikt frå min altan.
Tidleg morgon med dis over Tisleifjorden. Fjøset med gras på taket lengst framme. Fin utsikt frå min altan. Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
Matpause på Ørterhøvda.
Matpause på Ørterhøvda. Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
Takk for oss for denne gang!
Takk for oss for denne gang! Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik