Seniortur på Lokøyna

Lang rekkje  med seniorar på den lengste løypa på Lokøyna.
Lang rekkje med seniorar på den lengste løypa på Lokøyna. Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik

Godt å koma i gang med turar lokalt. Det var veldig vått i marka, men lyngen blomstra fint.

I ein sang er ein del av teksten: "Sommeren er kort - det meste regner bort...." Vel vi har hatt fint og varmt ver i sommer også, men så vått som det var i stien på Lokøyna i dag så har det også regna godt.

Vi valgte den lengste løypa på 5 km. Noko ulendt var det, men det gjekk bra for alle 34 turgåarane og ein hund som gjekk turen. 

Tenk så heldige vi var med veret, ikkje ein dråpe regn. Derimot hadde vi sola med oss, og den varma godt. Om vi skulle gå med regnklede og det kom vatn nedover oss i tillegg til våt sti så hadde ikkje turen vorte så fin som den vart i solskinn.

Lyngen, mest røsslyng blomstra fint og den lukta godt - mest som honning.

Takk for turen!

Slik såg det ut der vi starta i dag. Litt friskare fargar i terrenget no enn det bilete som var brukt ved annonsering av turen.
Slik såg det ut der vi starta i dag. Litt friskare fargar i terrenget no enn det bilete som var brukt ved annonsering av turen. Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
Ved nordre enden av Storavatnet.
Ved nordre enden av Storavatnet. Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
Godt med ei hjelpande hand i motbakke.
Godt med ei hjelpande hand i motbakke. Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
Foto: Runa Schreuder Kjelstrup
Foto: Runa Schreuder Kjelstrup
Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
Tur med blå himmel og sol.
Tur med blå himmel og sol. Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik