Seniortur til Kvamskogen

Frå starten av turen.
Frå starten av turen.

Seniortur på Kvamskogen i strålande sommarvær.

Denne onsdagen måtte seniorene møte opp kl 0900. Vi var innvitert opp til Kristin- og Ole Vonli som har hytte på Kvamskogen - der var vi ca' 1030. Dei skulle vise oss kor flott det er å gå tur der oppe. Kvamskogen kunne vel ikkje vist seg frå ei finare side værmessig, med sol og temperatur langt opp på 20-talet.

Det var lagt opp to forskjellige turar, med forskjellige vanskelighetgrader. Den eine, ca' 3 timers tur, gjekk til Fagrafjell og den andre til Såta og var berekna til ca' 5 timer. Saman med vertskapet var vi 29 seniorer som la ut på tur frå Vonli-hytta kl 1050. Eit stykke oppe i lia skilte dei to gruppene lag. 16 personer, med Kristin som vegviser, gjekk til Fagrafjell. 13 personer gjekk med Ole til Såta via Breiarusti. 

Gruppa som hadde Fagrafjellet som mål, var tilbake litt over kl 1500. Dei var allerede godt i gang med traktamentet då gruppa frå Såta dukka opp ved Vonli-hytta ca' kl 1600. Men, det var rikelig igjen til denne gruppa og. Vertskapet stillte med kortreist mat frå Steinsdalen og deromkring. Det smakte fortreffelig etter ein forholdsvis krevjande tur.

Vertskapet vart overrekt sine vel fortjente gaver, Ole fekk litt ekstra i anledning fylte 70 år og helsing i gjesteboka blei "ajourført" før vi takka for oss, ca' kl 1700. Under heile oppholdet på Kvamskogen var det fantastisk vær. På vei heim til Sotra møtte  vi på det annonserte uværet, men då satt vi tørrt og godt i bilane - snakk om flaks!

Ein spesiell takk til Kristin og Ole som tok mot oss og viste oss Kvamskogen frå si beste side.

Takk til alle for ein super tur!

Pust i bakken
Pust i bakken
Mat er viktig
Mat er viktig
Motiv frå Breiarosti med Fagrafjell i bakgrunnen
Motiv frå Breiarosti med Fagrafjell i bakgrunnen
På toppen av Såta
På toppen av Såta
Ned frå Såta
Ned frå Såta
Tom for vatn
Tom for vatn
Nærmer oss Mødalsetra (.....)
Nærmer oss Mødalsetra (.....)

Skrevet av Håkon Fjell 29. august 2019