Seniortur innom Tveita, Skoge, Åse og Nese.

Hage på Åse
Hage på Åse Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
Turen starta frå Tveita
Turen starta frå Tveita Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik

Dette var ein ny tur i marka, og på hagebesøk i ein velstelt hage.

Vi var 19 turgåarar og ein hund som våga oss ut i "øs-pøs" regnver for å gå ein enkel tur på natursti og asfalt. Det vart litt logistikk med å parkere bilar på Nese og Tveita. Det ordna seg fint.

Naturstien starta på Tveita. Der var slett ikkje noko tørr sti idag. Vi fekk ganske snart prøva om sko og støvlar var tette.

På Skoge kom vi over på asfalt. Atle Nordvik som er lokalkjend på desse gardane fortalde kvar den gamle skulen på Skoge hadde vore. Der hans foreldre i si tid hadde gått på skulen.

Vi gjekk vidare på asfalt og kom til bebyggelsen på Åse. Der gjekk vi ned til den før omtala hagen, mellom sjøen og Åsavatnet. Her var det fint planta og stella. Berre det å slå graset må ta si tid. Vi møtte eigaren, Ester Måren. Ei livleg dame som var glad for at vi ville koma for å sjå. Akkurat då vi skulle ha matpause var regnveret på det verste så vi fekk sitja under tak oppe ved huset hennar.

Tusen takk for at vi fekk lov å koma!

Frå Åse gjekk vi så på sti mot Nese. Ein sti som også har vore brukt av skuleborn frå Nordvik og Nese til skulen på Skoge. Her er det nokon som har rydda og tilrettelagt stien sidan sist eg gjekk her. Det var mykje betre å gå her no.

Korleis var det med "dårleg ver og dårlege kler"? Eg trur dei fleste vart våt på turen i dag. Men det var verd det. Det vart ein tur med  kjekke turfolk i ein fin hage og meire til.

Takk for turen!

Dekorert gjerde på Åse. Blir vi tatt med buksa nede for å titte?
Dekorert gjerde på Åse. Blir vi tatt med buksa nede for å titte? Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
På Åse
På Åse Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
Frå Åse mot Nese
Frå Åse mot Nese Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
Mot Nese
Mot Nese Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
Takk Atle for at du var med som kjentmann! (Her under dei mosegrodde grantrea på veg mot Nese)
Takk Atle for at du var med som kjentmann! (Her under dei mosegrodde grantrea på veg mot Nese)

Skrevet av Anne-Liv Foldnes Bjørsvik 4. september 2019