Søndagstur til Saltskohavn

Det vart ein fin søndags- og kystpass-tur i dag 22. september i stålande haustsol.
Vi møttes på Vågo kl 10.30 der vi kunne parkere litt nærare start for turen i marka enn oppgitt i Kystpass. Dette etter avtale med grunneigar/dei fastbuande. Tusen takk for det!
Det såg ut til å bli ein fin dag i sol og stille ver, og seks personar la i veg mot Saltskohavn. Det var vått i stien, men det er det stort sett over alt etter mykje nedbør.
På tilbakevegen gjekk vi litt sørover så vi kunne sjå kvar ein kan gå til Grasmenipa på Hjelteryggen og andre stiar mot Kyrkjevegen. Vi fann vår sti mot vest og tilbake nedatt til Vågo. Då vi kom til bilane var klokka blitt 13.00 og vi hadde vore ute i 2,5 timar i herleg haustver. Då hadde vi også fått ei herleg trimøkt, og kunne nyte resten av den fine dagen på anna vis.





